Frå ein grå redaktørstol skal ho ta pulsen på Høgskulen og på Sogndal. Elisabeth Fjellro har vorte redaktør i studentavisa Røynda.

– Eg leiter framleis etter ein fullstendig redaksjon. Men det er både kjekt og sosialt å drive studentavis, så det trur eg skal gå bra, fortel redaktør Elisabeth Fjellro.

Røynda er studentavisa i Sogndal – talerøyr for studentar og godtfolk, og offisielt høgskuleorgan for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Student- og bygdeliv
– Då redaktøren gav seg, lurte eg fælt på om eg skulle ta på meg ansvaret. For det er jo mykje å ta fatt i. Men så tek eg det som ei utfordring, seier Elisabeth. Som elles er reiselivsstudent og friluftsentusiast i Sogndal.

– Vi prøver å ikkje vera for interne. Vi dekkjer ting som skjer i bygda. Røynda skal vera viktig for studentane, og for alle som ikkje er studentar, forklarer Elisabeth.

Det handlar om bading, det leie singeltilværet eller ting som skjer i røynda.

– Kor mykje skal vi meine om ting? Det kan vera ei utfordring for oss. Vi skal ikkje vera for negative. Samstundes er det viktig at vi har fokus på problematiske ting, slik som den vanskelege bustadsituasjonen.

Del av mediebildet
Studentmedia er del av det mangslunge mediebildet i Noreg, og dei fleste høgskule og universitet har eigne studentaviser.

Under Dusken for NTNU-studentane, starta opp i 1914 og er den eldste studentavisa i Skandinavia. Studentavisene har ein eigen plass i mediebildet, og er ofte opptekne av forsking, utdanning og velferd for studentane.

Mange journalistar i dei store avisene, byrja karrieren i ei studentavis. Jahn Otto Johansen, Erling Borgen og John Olav Egeland, er nokre av dei.

Elisabeth Fjellro trur det kan bli både litt provokasjon, viktige og pinlige saker i neste nummer. Fram til då satsar ho på å halde redaktørstolen varm.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32
ANNONSE