SV-nei til elevombod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei fersk utgreiing er det konkludert med at det er behov for eit lågterskeltilbod for skuleelevar, med både psykologar, sosiologar, pedagogar og juristar, men dette vil kosta pengar, vedgår Trond Welstad overfor Aftenposten. Welstad har leidd utgreiinga av det psykososiale miljøet til elevane.

Sjølv om den siste Elevundersøkinga viser at 15.000 norske elevar seier at dei blir mobba av læraren to gonger i månaden eller oftare, ønskjer kunnskapsminister Kristin Halvorsen ikkje eit eige elevombod.

– Nei, det blir ikkje noko eige elevombod. Vi har følgt opp forslaga i utgreiinga ved å seia at vi ønskjer å styrkja Barneombodet med fleire stillingar. Barneombodet er allereie ein stad barn kontaktar når dei har problem, seier SV-leiar og kunnskapsminister Kristin Halvorsen. (©NPK)

Kva synst du? Bør det vera eit eige elevombod, eller er det best om Barneombodet får fleire folk?