Brua som lagar grøn energi

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå Kinderegg- brua laga straum!

Ferjefri veg mellom Kristiansand og Trondheim kan gje rein elkraft frå sol, vind, tidvatn og bølgjer. Ei ny utgreiing skal finna ut korleis dette kan gjerast.

– Vi er i ein startfase, og held på med å sortera ut kva problemstillingar vi skal ta til med. Vi vil òg trekkja inn kva vi kan få til på dette feltet med eksisterande bruer, som det finst rundt 15.000 av her i landet, seier Olav Ellevset, den tidlegare regionvegsjefen som er blitt leiar for ferjefriprosjektet for E39 til bt.no.

I Nord-Noreg har Ben-Tommy Eriksen fått både vegvesenet, SINTEF og politikarar med på å arbeida for å utvikla eit flytebrukonsept som leverer energi frå tilkopla vind-, bølgje- og havstraumanlegg.

– Teknisk er det råd å få til, problemet kan bli kostnaden, seier Eriksen til bt.no. Han har overlate vidare studiar av konseptet til forskingsmiljøet i Trondheim.

Ein kinesisk delegasjon har vist interesse for idéen. Landet har planar om å byggja rundt 200.000 flytebruer dei neste ti åra.