Fekk hjelp til å slutta å skulka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 2,95 prosent av elevane i vidaregåande opplæring i Oslo fullførde ikkje førre skuleår.

– Dette er ein hyggeleg tilbakemelding, særleg til lærarane, om god undervising og systematisk oppfølging, seier direktør Astrid Søgnen ved Utdanningsetaten i Oslo til nettsidene sine. Målet er at i 2015 skal 90 prosent av Osloelevane i vidaregåande opplæring fullføre og bestå

I snitt har sju av ti fullført og bestått vidaregåande opplæring etter fem år i Noreg. Regjeringa har eit mål om at 75 prosent skal fullføre vidaregåande opplæring i 2015. I Oslo er målet at 90 prosent av elevane skal fullføra og bestå i 2015. I dag fullfører og består 75 prosent av elevane i Osloskolen.

Målretta
– Elevane skal sjå at vi bryr oss, gjennom at vi stiller fornuftige krav, det seier rektor på Ulsrud videregåande skule David Dunlop til kommunen sine nettsider.

Ulsrud har elevar frå 35 ulike ungdomsskular. Difor blir det ekstra viktig å bli kjent med elevane tidleg og kartleggje behov. Allereie før skulestart mottek elevane brev frå skulen og får ein samtale med læraren sin saman med foreldra.

LES OGSÅ: Sommarjobb skal hindra fråfall

– Vi seier til elevane at ”vi vil ha deg på skulen”, og ikkje på at ”no har vi teke deg i å skulke”. Det er det rette fokuset, på at elevane er på skulen, seier rektor.

– Det er på ungdomsskulen fråveret byrjar
Ein av elevane på Ulsrud videregåande skule som merkar at skulen bryr seg er Daniel Mannawarajan (18).

– Eg hamna i feil miljø på ungdomsskulen og eg skulka. Skulen hadde betydde ingenting, han var teori-kjedeleg, eg ville berre sove.

– Eg skjønte at skule og utdanning var viktig når eg ein dag måtte hjelpe mora mi med jobbsøking. Ho er ikkje god i norsk og det var veldig vanskeleg for henne å få jobb. Difor prøvde eg å skjerpe meg, men eg grudd meg til vidaregåande, og angra på at eg hadde skulka på ungdomsskulen. Det er der det store fråveret startar.

– Målet mitt er å fullføre. Eg ynskjer å jobbe innan psykiatri og hjelpe born. Då må eg klare skulen. Ære vere vener, David og alle som har hjelpt meg.

Fekk hjelp til å slutta å skulka
Daniel er ein av fleire elevar som følgt opp på Ulsrud vidaregåande skule.

– Rådgjevaren ringjer og spør korleis det går, det gjer ho enno sjølv om ho ikkje er rådgjevar lenger, men har blitt inspektør, seier Daniel. Men ikkje så ofte som før.

LES FLEIRE SAKER OM FRÅFALL I VIDAREGÅANDE!

– No er dei vant til at eg er her, seier han.

Ved hjelp av skulen og vener har Daniel klart å snu skulk til oppmøte og hardt arbeid.

– No er det eg som ringjer kvar morgon og forsikrar meg om at fleire av venene mine kjem seg på skulen.

Kva meiner du er beste måten å få fleire til å fullføra vidaregåande?