Meir tillit og engasjement etter 22/7
Unge mellom 16 og 24 år er blitt meir engasjert etter terroråtaka. – Mobilisering til unge kan gje auka politisk deltaking på sikt, seier forskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir tillit og engasje- ment etter 22/7
I staden for å vere prega av splittingar og konfliktar, framstår sivilsamfunnet kort tid etter terroråtaka som meir mobilisert, engasjert og tillitsfullt. Guro Ødegård, Kari Steen-Johnsen og Dag Wollebæk ved Institutt for Samfunnsforsking har undersøkt konsekvensane til terroren for sivilsamfunnet.
– Viljen til å røyste har auka etter 22. juli, særleg blant ungdom, seier Guro Ødegård.
Unge skil seg ut
Frå fleire hald er det vorte spekulert i kva for ein effekt 22. juli vil ha for politisk engasjement og deltaking.
Guro Ødegård seier at unge i større grad enn eldre å ha vorte mobiliserte gjennom frivillige organisasjonar i etterkant av terrorangrepet.
– 18 prosent seier dei har auka engasjementet sitt, påpeikar Ødegård.
Fleire vil røysta
Viljen til å røyste har auka etter 22. juli. Delen som ikkje veit om dei skal røyste eller kva dei skal røyste på, har gått ned frå 21 til 13 prosent. Det er altså fleire som har bestemt seg for kva dei ville røyste på, og færre som seier at dei ikkje vil røyste. Denne auken er særleg sterk hos ungdom.
Talet på unge som identifiserer seg med eit politisk parti er likevel uforandra.
– Dersom fleire unge brukar røysteretten ved vala til hausten, kan dette auke politisk deltaking på sikt. Jo tidlegare unge deltek, jo større sannsyn er det for at dei tek med seg deltakingmønsteret vidare i livsløpet, seier Ødegård.
LES OGSÅ: Kjempa for meir demokrati for unge
Til Framtida.no seier nestleiar i AUF, Åsmund Aukrust, at den viktigaste oppmodinga deira til veljarane, er å nytta røysteretten.
– Ungdom og demokratiet vårt var målet for terroren den 22. juli, då er det viktig at ungdom brukar dei demokratiske rettane sine, seier han.
Facebook som informasjonskanal
Sosiale medium har vist den fulle krafta si i kjølvatnet av 22. juli. Mange einskildpersonar og organisasjonar brukte Facebook til å informere om rosetoga over heile landet. Heile 44 prosent svara at dei først høyrde om rosemarkeringa på Facebook, og 30 prosent gjennom tradisjonelle medium.
Kari Steen-Johnsen seier at sosiale medium, og spesielt Facebook, gjev høve til breiare mobilisering enn han som tidlegare har føregått gjennom organisasjonssamfunnet eller gjennom massemedium.
– Gjennom Facebook kommuniserer ein som regel ikkje berre med dei næraste venene sine, men med ei rekkje menneske som ein kjenner meir eller mindre godt. Desse menneska er igjen kopla inn i nettverka sine. Nettverk blir kopla saman med andre nettverk, forklarar Steen-Johnsen.
Ei ny form for grasrotmobilisering via sosiale medium har festa seg i det norske samfunnslivet, spesielt hos dei yngre.
– Massemobiliseringa i kjølvatnet av 22.juli viser den store krafta som ligg i dei sosiale media. Sosiale medium som Facebook vil halda fram med å vera sentrale verktøy for mobilisering i norsk samanheng. Facebook opnar for at einskildmenneske kan ta initiativ, og mobilisere kraft bak sakene sine, seier Steen-Johnsen.
Auka tillit
Terroren har forsterka tillita mellom menneske og til institusjonar, særleg til regjering og Storting. 52 prosent er vorte meir tillitsfulle etter angrepa, medan berre 23 prosent er meir mistruiske.
– Som venta er tilliten til dei nære relasjonane uendra. Det er tilliten til dei ukjende eller dei vi kjenner litt som har auka. Vi finn eit sterkt aukande tillit til andre nordmenn, som kan sjåast i samanheng med den nasjonale mobiliseringa for fellesskap etter terroren, seier Dag Wollebæk til samfunnsforskning.no.
– Etter 22. juli har vi blitt medvitne på verdien av å møte kvarandre med tillit i staden for frykt. Vi held tettare saman enn før. Terror har som formål å spreie frykt, engsting og mistru. Det vi allereie kan slå fast, er at han på desse punkta har vore fullstendig mislukka.
Sjå bilete frå Oslo dagane etter terroråtaket:
Korleis meiner du 22. juli har endra Noreg?