Frp-kommunane brukar minst på skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-kom- munane brukar minst på skulen

Fløypartia hamnar på topp og botn når du måler innsatsen per elev i grunnskulen. I dei fem SV-styrte kommunane i landet fekk kvar elev driftsmidlar for 98.698 kroner i fjor. Dei 17 Frp-ordførarane var ansvarlege for budsjett som gav 70.877 kroner per elev.

Mindre avstand
Raudgrøne kommunar brukte i fjor 1.723 kroner meir per elev enn borgarlege. Men dei siste fire åra har avstanden minka med 349 kroner per elev.

LES OGSÅ: Her får elevane mest

Det viser ein analyse NTB har gjort av korleis kommunane brukar dei frie midlane dei har til skule. Kostratala frå SSB omfattar netto driftsutgifter til grunnskule, spesialskular, SFO, lokale og skuleskyss brote ned på kvar elev. I denne statistikken er ikkje øyremerkte midlar til skulen teken med, heller ikkje investeringar i grunnskulen.

Topp og botn
Det er store skilnader i Kommune-Noreg på kor mykje ein bruker på kvar elev i grunnskulen. Den Høgre-styrte kommunen Bindal i Nordland toppar statistikken. Til kvar og ein av dei 96 elevane løyva kommunen 255.135 kroner i drift. Det er 184.522 kroner meir enn Høgre-kommunen Nedre Eiker som i fjor brukte 70.613 kroner på kvar elev.

LES MEIR: Her er dei beste skulane

Etter Nedre Eiker er det Frp-kommunen Ullensaker (71.163 kroner per elev) og dei to Arbeiderparti-styrte kommunane Horten (73.438 kroner per elev) og Skedsmo (75.512 kroner per elev) som brukar minst. (©NPK)

Kva sak er viktigast for deg når du skal stemma?