Her får elevane mest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den rike kraftkommunen Bykle bruker meir enn tre gonger per elev som det Molde kommune gjer. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

På spørsmål om alle elevar i Noreg har eit like godt tilbod, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) dette til Vårt Land:

– Nei, det har dei ikkje.

No vil ho vil ha slutt på dei store forskjellane mellom kommunane.

– Me ønskjer ei sterkere nasjonal styring av ressursane fordi me ser at det er store variasjonar mellom kor mykje kommunane bruker, seier kunnskapsministeren.

Fleire kuttar i år
Ei undersøking utført for Utdanningsforbundet viser at ein av fire kommunar kuttar i skolebudsjettet i år, og mange innrømmer at det blir fleire elevar per lære. Det tyder større grupper, og mindre høve til å følgje opp kvar enkelt elev.

– Det bekymrar oss sterkt at skulane tapar i prioriteringskampen i kommunane. Og det burde uroa alle andre som er opptekne av den gode skulen og kunnskapen me skal leva av i framtida, seier leiaren av fagforeininga til lærarane, Mimi Bjerkestrand i ei pressemelding.

Utdanningsforbundet ventar på no på forslaget til kunnskapsministeren om å kor mange elevar ein lærar skal ha ansvar for.

Faktaboks

Desse ti kommunane bruker mest på grunnskule per elev:

Bykle 197.290
Eidfjord 177.971
Modalen 176.358
Kvænangen 169.713
Hasvik 165.592
Gamvik 165.259
Bjarkøy 164.576
Vang 161.460
Unjárga Nesseby 160.881
Sirdal 159.126
Utsira 158.906

Desse ti kommunane bruker minst på grunnskule per elev:

Molde 68.022
Nedre Eiker 68.739
Ullensaker 70.029
Skedsmo 71.255
Horten 71.813
Oppegård 72.641
Lyngdal 73.416
Ski 73.566
Hå 75.530
Nesodden 75.837