På krykker og sosiale medium

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Luisa Pinzon (25) er SV sin tredjekandidat, til bystyrevalet i Stavanger. Med ein brekt fot full av skruar,  lyt ho bevege seg på krykker. I ein valkamp kan det vera utfordrande.  

– No dei siste vekene fram mot valet, lyt eg bruke dei sosiale media det eg kan. Så no er eg på nett heile tida, fortel Luisa. Sidan i mai har ho vore aktiv på mange sosiale medium som politikar.

Respons
Luisa har merka at ungdom spesielt er veldig mykje på internett, og er praktiske å nå der. Sjølv om ho tykkjer det kan vera krevjande å skrive innlegg på både blogg og andre plattformer heile tida, er det sakene som er det viktige.

LES OGSÅ: Ungdom: – Lokalpolitikarar veit lite om oss

– For å gjere det godt på nett, lyt du vera veldig aktiv og du må promotere deg sjølv, helst bør du få andre til å promotere deg og, forklarer Luisa. Ho tykkjer ho har fått bra med respons, kanskje spesielt på Facebooksida si.

– På sosiale medium styrer ein mykje sjølv, det er dine ord og ingen fortolkingar. Slik sett skil aktiviteten der seg frå meir tradisjonelle medium, seier Luisa.

Ny tid
Overalt vert dei sosiale media viktigare i valkampen, og haustens val er spådd å verte eit val der dei sosiale media verkeleg vert viktige.

Luisa tykkjer vi er heldige som lever i ei tid, der det er mogeleg å bruke internett i valkampen. Samstundes saknar ho tradisjonell valkamp og veljarkontakt, med tilværet på krykker.

–  Klart eg saknar å gå på møte og debattar. Det kjekkaste er å stå på stand og møte veljarane heilt direkte. Eg har vore innom, men det er ikkje like moro å berre sitje der, avsluttar den håpefulle kandidaten.