Lånekassa kan ha vorte svindla for 96 millionar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bukontrollen til Lånekassa har avdekt at rundt fem prosent av dei kontrollerte har svindla til seg pengar dei ikkje har rett til. Berre studentar som bur borte har rett til å gjere om lån til stipend etter å ha stått på eksamen.

Studentar som gjev opp feil opplysningar, og som dermed juksar til seg pengar frå fellesskapet, kan vente seg strenge reaksjonar dersom dei blir oppdaga, opplyser Lånekassa i ei pressemelding.

Kan mista rett på studiestøtte for alltid
– Studentane misser retten til støtte i like mange semester som dei har gjeve urette opplysningar, og kan i verste fall miste retten til studiestøtte for alltid. Det kan bety at dei aldri får gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

Pengane dei har svindla til seg må sjølvsagt også betalast tilbake.

LES OGSÅ: Studielånet er så mykje mindre verdt

Då bukontrollen vart gjennomført, hadde 54.000 studentar som studerer i nærleiken av foreldreheimen, opplyst at dei bur borte.

20,5 milliardar
– Dersom fem prosent av desse studentane har gjeve opp falsk adresse for å få stipend, medan dei eigentleg bur heime hjå foreldra, tyder det at Lånekassa kan ha vorte svindla for opptil 96 millionar kroner i fjor, seier Simonsen, som varslar fleire bukontrollar i tida framover.

Lånekassa delte ut i alt 20,5 milliardar kroner i støtte i 2010–2011. (©NPK)