Kræsjkurs i studieteknikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lær å hugsa av hugse- meisteren!

Lista over gladfeite pensumbøker du skal gjennom dei neste månadene er nok lang som eit vondt år. Kva emna eigenleg dreier seg om, satsar du kanskje på å finne ut innan ein månad eller to er omme.

Det ekle er at løysinga neppe er å opne først bok og pløye igjennom happy-go-lucky frå første sida. Men så bør du kanskje ikkje ta lang fart og drite i heile greia heller.

Så kvar i all verda skal du eigenleg starte? Korleis skal kunnskapen overførast frå bokhylla til hjernebarken, innan eksamen plutseleg er på dørstokken?

Det kan kanskje Noregs mest effektive student hjelpe deg med.

I verdenseliten
Oddbjørn By er fleire gonger noregsmester i hugs, og har fått internasjonal suksess med bøkene om hugseteknikken Memo.

Han byrja med å konkurrere om å hugse siffer med ein kompis. No kan han finne på å ta eit universitetsemne på eit par-tre dagar, til gode karakterar.

– Eg har lært å bruke teknikkane på litt nyttigare ting enn kortstokkar etter kvart, smiler Oddbjørn, når Universitas møter han over ein kaffi.

Han er overtydd om at kven som helst kan lære og ta i bruk teknikkane hans, utan problem. Men å lukkast som student handlar minst like mykje om gode studievanar som hugseteknikk.

Tredelt vinnarformel
– Det er først og fremst tre ting du bør fokusere på. Å finne essensen i pensum, å lagre kunnskapen på rett stad, og å bruke han fornuftig, fortel Oddbjørn.

Først må du luke ut det viktigaste.

– Som ny student er det ikkje alltid lett å vita korleis ein skal ta fatt på pensum. Det er inga løysing å prøve å hugse alt. Sjølv dei bestet i verda gjer ikkje det. For å finne essensen er førelesningane viktige, då får du stalltips frå dei som allereie har god oversyn, seier Oddbjørn.

Han tilrår òg å ta notat på førelesningane, fordi stikkorda vil hjelpe deg seinare.

– Dessutan er det først etter førelesninga at du får eit godt bilete av kva som er viktigast. For hugsen sin del er det gunstig å ha notat å sjå tilbake på. Å jobbe effektivt på førelesningane kan spare deg for mykje tid seinare, seier Oddbjørn.

Rett i langtidshugsen
Det andre av dei tre momenta går på å lagre det du har lært. Her kjem hugseteknikkane inn i biletet.

Oddbjørns eigen teknikk, Memo, går ut på å plassere stikkord rett inn i den lojale langtidshugsen.

Du startar med å redusere det du skal hugse til nokre skildrande nøkkelord. Men det viktigaste er at du så stadfestar dei – så veit du kvar du skal leite når nervane set inn for fullt.

– Det vil seie at du lagrar assosiasjonane på eit bestemt stad, seier han.

Det gjer du i «reiseruter» – du visualiserer eit nøkkelord i kvart rom gjennom husa til venner og bekjente, stader du har jobba, og skolar du har gått på. Eller kanskje banken, om det er passord du skal huske på.

Putin og Mikke på besøk
Skal du til dømes huske rekkjefølgda på dei største landa i verda, kan du sjå for deg at Vladimir Putin (nøkkelord for Russland) står på trappa utanfor huset du voks opp i, og yppar med ei gås (nøkkelord for Canada) som står innanfor døra.

Det skal det litt til å gløyme, når du veit kvar du skal leite.

I korridoren står Mikke Mus, og ned trappa er rasar det kinakål. Gjett kva for land dei representerer.

Gjennom semestret kan du ha enkle stikkord og nøkkelord i bakhovudet når du tek notat, som du kan visualisere i reiseruter når eksamen nærmar seg.

– Ein kan vanlegvis meistra teknikken på ein dag eller to. Men det kan vere lurt å øve litt gjennom semestret, seier Oddbjørn.

Unngå robotfella
Det tredje og siste momentet går ut på å bruke kunnskapen du har tileigna deg på ein fornuftig måte.

– Når du hugsar mykje kan det vere freistande å vise kor mykje du hugsar. Men passar på at du ikkje blir ein «robot» som attgjev pensum slavisk, seier Oddbjørn.

Han åtvarar òg mot å bruke teknikken på heile pensumet. Difor har han prinsippet med papirtesten.

– Av og til er det nok å berre lese, òg. Men skal du memorere, så spør deg sjølv kva du ville skrive på eit notatark til eksamen. Ikkje notér eller memorer for mykje. Hjernen treng berre eit lite hint, og så fyller han inn resten sjølv.

Skap ein arbeidsplass
Når du skal lese, tilrår Oddbjørn å vrake sofaen og setje seg på lesesalen.

– Eg har teke ein del fag no, og eg tilrår på det sterkaste å lese på lesesalen eller liknande. Gjer du det til ei slags arbeidsplass, så er det der og berre der du jobbar.

Han meiner ein deadline gjer arbeidet langt meir effektivt.

– Bestem deg for å vere på skulen frå 9 til 15 kvar dag, og å ikkje studere eit minutt over tida. Slik at du ikkje kan tenkja at du «kan ta det i kveld», seier han.

Disiplin er ein nøkkel til suksess, meiner han.

– Er du hardcore, så set du mobilen på flymodus. Sms og epost kan vere øydeleggjande avbrytingar.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Faktaboks

Oddbjørns tips til studieteknikk:

– Eit godt alternativ er å setje på ei nedtelling på 25 minutt, der det ikkje er lov å la merksemda vike frå studia.
– Så kan du ta fem minutt fri, før neste effektive økt.
– Klarar du å vente med å sjekke Facebook enn så lenge, er mykje gjort allereie.
– Ingen kan hugse alt. Finn ut kva som er viktigast, og fokus på det.
– Finn ein strategi for å lagre kunnskapen. Til dømes Memo.
– Bruk kunnskapen på ein fornuftig måte. Du skal ikkje attgje som ein robot.
– Ta notat på førelesingane, framfor å berre lytte.
– Du treng ikkje notere alt. Finn essensen.
– Skap deg ein arbeidsplass, som ein lesesal eller liknande.
– Ver der frå 9-15. Ikkje tenk at du kan ta resten heime.
– Ta heilt studiefri på kvelden, utan dårleg samvit.
– Unngå forstyrringar som sms og mail når du studerer. Sett heller av pausar til å sjekke mobilen og Facebook.