Sjå sjekkliste til kommune- og fylkesvalget 2011 som Natur og Ungdom har laga.

mm

– Skal klimagassutsleppa reduserast, er me avhengige av lokale løysingar. Kommunepolitikarane spelar ei viktig rolle i å kutte klimaforureinga lokalt. For å kutta klimagassutsleppa i Norge treng me sterke politikarar som handlar, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom.

Miljøorganisasjonen har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Her er lista:

VIL PARTIET DITT…
…kutte klimagassutsleppa i kommunen?
…fase ut oljefyring i alle kommunale bygg innan 2015?
…gjennomføre omfattande ENØK-tiltak i kommunen?
…innføre full resirkulering av avfall i kommunen?
…skifte ut den kommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbiler og biodrivstoffbilar?
…innføre månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?
…gjere det enklare å koma seg fram med kollektivtrafikk?
…avgrense biltrafikken i kommunen?
…legge til rette for produksjon av fornybar energi?
… er dette, etter din mening, eit miljøparti?

I tida fram til valet vil Framtida.no spørja ein del unge politikarar kva dei meiner om miljø. Følg med!

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE