Mange klagar på dekninga av terroråtaka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fagbladet Journalisten skriv at talet på klager til Pressens faglige utvalg (PFU) passerte 20 torsdag. Klagane rettar seg mot Dagbladet og VG si dekning av saka. NRK er så langt ikkje klaga inn for utvalet.

VG sitt oppslag frå rekonstruksjonen sist søndag har fått fleire reaksjonar og ein klage så langt.

Organisasjonssekretær i Norsk Presseforbund, Kjell Nyhus, fortel at lesarane reagerer på noko dei har lese, sett på tv eller høyrt på radio. Med eitt unntak er det ingen direkte pårørande som har klaga. Denne klagen vart løyst i fellesskap.

Det kan bli eit eige PFU-møte om terrorklagane, men det er ikkje teke ei avgjerd om dette. Ifølgje Journalisten reknar ein med at talet på klagar vil auke i tida som kjem. (©NPK)

Kva synst du om dekninga i avisene etter terroråtaket?