Rundt 9.000 elevar tek kvart år opp studielån for å gå på vidaregåande, men mange klarer ikkje å betale gjelda.

NPK/NTB
NPK/NTB

Kunnskapsdepartementet er uroa for utviklinga.

I fjor fekk 19.677 personar inkasso på studielån dei har teke opp for å gå på vidaregåande, ifølgje Lånekassen. Det utgjer 21,1 prosent av dei over 93.000 personane som framleis betalte ned på slike lån i fjor, og som ikkje hadde anna studiegjeld, skriv VG.

Blant studentar som har teke opp studielån til høgare utdanning, var det berre 2,6 prosent, eller 11.747 personar, som forsømde lånet sitt i fjor.

– Det kan tyde på at når du tek høgare utdanning, blir det lettare å få ein godt betalt jobb, og dermed blir du mindre sårbar for svingingar i arbeidslivet, seier informasjonsrådgjevar Christin Dammen i Lånekassen.

LES OGSÅ: Difor bør du ta opp maks i studielån

Statssekretær Kyrre Lekve (SV) i Kunnskapsdepartementet er uroa, og vil sjå nærare på tala.

– Det har ingen hensikt at folk kjem i ei gjeldsfelle tidleg i livet, seier han.

Han merka seg også at heimebuande elevar tek opp meir i lån enn bortebuande og vil gå inn i tala for å sjå korleis det heng saman. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE