– Dyrare for studentar på Stord enn i Oslo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei oversikt som nettstaden StudentTorget.no har laga, plasserer Høgskulen Stord/Haugesund sine studentbustader på Stord på 13. plass, rangert etter prisen på det billigaste alternativet studentane har å velja mellom.
 
Ifølgje oversikta er det billigaste alternativet for studentar i Oslo meir enn 500 kroner rimelegare enn på Stord.
 
– Dårleg samanlikning
Det synest Heidi Aarøe Moe er ei noko spesiell framstilling av tala. Ho er direktør for Studentsamskipnaden ved HSH, som har ansvaret for studentbustadane, og meiner både pris og kvalitet held eit anstendig nivå.

– Den lista som Student Torget.no presenterte er noko spesiell sidan det er ein presentasjon av prisen på den billigaste studentbustaden som vert tilbode på studiestaden. Den seier ikkje noko om kor mange som finst i den kategorien, og dermed heller ikkje noko om prisnivået generelt på studiestaden, seier Aarøe Moe.

LES OGSÅ: Slik finn du plass å bu

Til dømes må dei som bur i dei billigaste bustadane på Stord berre dela rom med ein anna, medan dei i Oslo er åtte-ni per bad og over 20 studentar som deler kjøken.

For å få eit rettare bilde av stoda, meiner Aarøe Moe ein heller må sjå på gjennomsnittsprisane på studiestadane.

– Den statistikken viser eit anna bilde, seier Aarøe Moe.

– Overkommeleg pris
Astrid Cecilie Flisram (20) frå Odda har nett flytta inn i nytt rom på studentbustaden, der ho har oppgradert frå fjoråret. No har ho fått seg enkelthybel med eige bad, og synest ikkje prisen er avskrekkande.

– Det kan jo vera litt dyrt for dei som berre har stipend og skal leva som studentar, med litt festing og sånn. Men for oss som jobbar utanom går det veldig fint, seier andreårsstudenten.

– Dessutan er det veldig sosialt, og mykje kjekke folk, seier Flisram som er ei av rundt 150 studentar som har fått plass i studentbustadane på Stord i haust.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!