Saknar lyntog-engasjement

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saknar lyntog- debatt

— Erfaringane frå Europa viser at å få ein lokalstopp for høgfartsbane snur opp ned på all tankegang om busetnad og utvikling. Det blir ikkje lenger snakk om korleis ein skal få vekst, men korleis ein skal vekse, seier Kaland.

Toget går
Dataprogrammeraren frå Etne er med eit understatement, over gjennomsnittet interessert i høgfartsbane. Han kjøpte ein aksjepost i Norsk Bane AS for ti år sidan, og er blant dei få privatpersonane som har engasjert seg i selskapet som arbeider for å utvikle og drive høgfartsbanenett i Noreg.

Både Etne og Vindafjord er medeigarar i Norsk Bane. Den største enkeltaksjonæren er Vinje kommune med 17,2 prosent.

Men Kaland saknar eit større engasjement for høgfartstoget som skal passere Etne og Vindafjord. Han seier han sjeldan møtt representantar frå Etne på møte i regi av Norsk Bane

— Det er ikkje spørsmål om det kjem, men når toget kjem. Difor må ein vere på banen og arbeide for dei beste alternativa for distriktet, seier Kaland.

Både Etne og Ølen
Han meiner høgfartsbane vil snu opp ned på all tankegang når det gjeld utvikling utanfor dei store byane. Det avgjerande spørsmålet er å få ein tog-stopp nær deg.

— Ein må arbeide aktivt for å få ein stasjon lokalt. Høgfartstog kjem til å bli den viktigaste distriktspolitiske saka i åra framover, og kjem til å bety enormt mykje for dei som får ei god tilknyting til togbanen. Difor må ein påverke på alle plan, seier lyntogentusiasten.

LES OGSÅ: – Eg er lyntog-entusiast

Han meiner distriktet må arbeide for Norsk Bane sitt ambisjonsnivå om stasjonar både i Etne og Ølen.

— Tanken er at togavgangane vekslar om å stoppe i Etne og Ølen.

Folketal opp
Han viser til eksempel i Europa for å få innblikk i kor stor betydning høgfartstog får for utvikling. Byen Ciudad Real og området rundt, nesten 19 mil nord for Madrid, hadde 50.000 innbyggjarar før høgfartsbanen kom i 1993. I dag har byen 74.000. Forklaringa på veksten er at det tar 49 minutt til den spanske hovudstaden med tog.

Kaland er sjølv delvis vekependlar til Stavanger og meiner det seier seg sjølv at mange vil velje å bu i Etne dersom det tar rundt 35 minutt til Stavanger.

— Mange har jo sett på dette som eit luftslott som blir altfor dyrt å gjennomføre. Deutsche Bahn har kalkulert med at det kan ta 30 år å betale ned eit høgfartsbanenett mellom aust og vest, med ein avkasting på 3 prosent i tillegg. Det viser seg at bane tar 80-90 prosent av flytrafikken når reisetida med tog er rask nok, seier han.

Fart og stopp
Det er ei kjent  sak at Norsk Bane meiner at Jernbaneverket og NSB har motarbeidd ideen om høgfartstog. Men omsider bestemte Stortinget i fjor med støtte frå alle parti med unntak av Frp, at Jernbaneverket skal greie ut spørsmålet om høgfartstog.

Kva posisjon Norsk Bane får i framtida er usikkert, men selskapet vil uansett halde fram med sine utgreiingar. Det er stor forskjell mellom Deutsche Bahn si utgreiing, og det Jernbaneverket førebels har sagt om spørsmålet. Dei tyske ekspertane har lagt ein trasé som kan gi ein fart på 300 km/t, medan Jernbaneverket har presentert 200-250 km/t. Enkelte har karakterisert det som lyntog med sneglefart.

Den kritiske forskjellen blir kor mange lokalstopp ein kan få inn på reiserutene for å oppnå akseptabel reisetid.

Lokaltrafikk viktig
— Deutsche Bahn har ei reisetid på 1 time og 38 minutt mellom Haugesund og Oslo utan stopp. Då kan ein få ein god del lokalstopp inn om ein til dømes skal ha ei totalreisetid på 2,5 time. Med Jernbaneverket sitt alternativ fell jo ein del av grunnlaget for hurtigtog vekk dersom det blir få stopp under vegs, seier Kjell Olav Kaland.

Å få med lokale stopp pluss å arbeide for at høgfart over Haukeli ikkje skal kome i køen bak andre høgfartsplanar her i landet, meiner han er ein viktig jobb for Vestlandet i tida framover.

Norsk Bane har lansert to avgangar i timen til Haugesund og Stavanger, ein i timen til Bergen, og annankvar time til Oslo, for reisande frå Etne og Vindafjord.

LES SAKA I GRANNAR.NO!

Kva meiner du om lyntog i Noreg? Vil det vera ein fordel for distrikta?