Ida låner ut sofaen sin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentsamfunnet i Sogndal har kome opp med eit nytt konsepet for å hindra at nye studentar ikkje har tak over hovudet når dei neste veke startar med studiane sine.

Konseptet blir kalla «Sofaloff», og går ut på at studentar med ekstra rom låner ut ein sofa eller ei madrass til nye studentar som endå ikkje har funne seg fast sovestad.

Nestleiar i SIS, Ida Heradstveit, var med på å utvikla denne ideen og har sjølv lagt sofaen sin ut til låns dei fyrste vekene etter skulestart.

Ein annan variant
Ideen om «Sofaloff» kom frå konseptet som mange backpackerar driv med når dei reiser rundt i verda, nemleg «Couch Surfing». Det går ut på at ein låner ut ein soveplass til reisande.

LES OGSÅ: Slik finn du plass å bu

– Dette er ein annan variant der me oppmodar studentar til å låna ut sofaen sin til nye studentar som ikkje har fått tak i hybel enda. Det blir ei midlertidig ordning, sidan dei fleste studentar får skaffa seg ein buplass i starten av september. I fjor var det nokre studentar som budde på sovesal dei fyrste vekene. Ordninga med Sofaloff gjev dei nye studentane moglegheit til å bli kjende med andre studentar på ein ny og meir innkluderande måte, fortel Herads­tveit.

På Facebook
På Facebooksida til «Sofaloff Sogndal» har det alt komme inn førespurdnadar om sovestad. I tillegg har fleire studentar sagt at dei kan låna ut sin eigen sofa dei fyrste vekene av skuleåret.

LES SAKA I SOGN AVIS!