– Finanskrisa vil ramma distrikta mest
Eksportretta næringar i distrikta vil bli hardast ramma av den nye finanskrisa, spår ekspert.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fiskeoppdretten og industrien vår, men også næringar knytt til turisme er utsett. Svak utvikling i Europa gjev ei svakare kjøpekraft, men vi har også sett at krona er ganske sterk. Det svekkjer kronesituasjonen til mange av dei same næringane, seier sjeføkonomi i NHO, Tor Steig, til NRK.
Han meiner det fort kan bli tale om nedbemanning, men ikkje alle er samde om at det kjem til å bli så dramatisk.
– Det er alvorleg det som skjer internasjonalt, men samstundes er det stor avstand ut dit, seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane.
Han er samd i at distrikta, og spesielt fiskerinæringa kan bli råka av finanskrisa, men trur ikkje det blir den heilt store krisa i Sogn og Fjordane.
– Det er sikkert mange andre delar av landet som vil merka dette meir enn Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal har veldig mange som er mykje meir internasjonale, og likeins nedover Vestlandet og ikkje minst agderfylka. Vest-Agder er det fylket som per innbyggjar eksporterer mest, seier Halvor Flatland. (©NPK)
Fryktar du ei ny finanskrise?