Slik finn du plass å bu

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det byrjar å hasta for mange studentar å finna seg ein plass å bu. I dei store byane blir det meldt om lange ventelister hos studentsamskipnadene.

– Dersom du treng bustad til skulestart, kan me sannsynligvis ikkje hjelpa deg. Dersom du ikkje treng bustad før september/oktober har du framleis høve til å få, skriv Studentsamskipnaden i Trondheim på sine sider.

På nett
På privatmarknaden er det lettare å få seg plass å bu. På hybel.no var det 2358 ledige studenthyblar og rom i kollektiv 7. august.

Marknadsprisen ligg på 4139 kroner i Trondheim, 4145 i Bergen og 4657 kroner i Oslo for hyblar og rom i kollektiv. Prisane har auka mest i Trondheim i løpet av siste året, ifølgje hybel.no.

Finn.no var det 622 ledige hyblar og rom i kollektiv.

Er du så heldig å vera medlem i underskog.no, eller kjenner du nokon som er det, så er det muleg å finna fleire ledige leilegheitar og rom i kollektiv. Bruk også Facebook og Twitter til å fortelja at du er på jakt etter ein stad å bu. Kanskje nokon kan hjelpa deg!

Den gode gamle måten
Det er også ofte oppslag på butikkar, studentsenter og lesesalar i nærleiken av universitets- eller høgskuleområdet. Her kan du vera heldig å finna noko! Eller kanskje du kan henga opp oppslag sjølv?

LES MEIR: Aukande skilnad i bustadmarknaden

Og for ikkje å gløyma i avisa. Om du ikkje har råd til å kjøpa avisa, kan du sikkert gå på biblioteket å låna avisa. Og om dei ikkje har ho der, så finn du den sikkert på buyandread.com. Det er også mogleg å prøva med ei annonse for å sjå om du får nokon til å forbarma seg over deg…

På madrass
Det er ikkje alltid bustadleitinga slår til så raskt. Men kanskje du har ein onkel og tante eller nokon andre du kunne bu hos i starten? Bustadmarknaden pleier ofte å roa seg når ein kjem ut i september. Og er du først på studiestaden er det lettare å finna noko.

Om du ikkje har nokon du kjenner du kan bu hos, tilbyr studentsamskipnadene i fleire byar madrassar til dei studentane som enno ikkje har funne seg ein stad å bu. I Bergen kostar det 300 kroner å få leiga ei madrass på Hatleberg Studentboliger heilt til du har funne deg ein stad å bu. Då får du òg tilgang til toalett, dusj og kjøken. Ta kontakt med studentsamskipnaden der du skal studera og høyr kva dei tilbyr.

Har du tips og råd til korleis ein kan få seg ein stad å bu? Del dei i kommentarfeltet!

Faktaboks

Her finn du lenkjer til alle studentsamskipnadene!