Verdas beste og mest naive land

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå fredag den 22. juli til onsdag 27. juli, arbeidde eg for Sky News. Eg synte britane eit system dei ikkje trudde kunne eksistera, eg på mi side fann undervegs ut at Noreg er eit betre samfunn enn eg har meint til no.

Sundag ettermiddag sat vi på møteromet til leiinga ved Ringerike sjukehus og sette saman ein reportasje. Det banka på døra. Stjernereporteren frå Sky, Ian Woods, sa «kom inn». Ei dame stakk inn hovudet og spurde om møteromet var ledig.

– Vel, vi driv og redigerer, sa Woods.

– Ok, sa dama, vi kan finna eit anna rom, vi.

Dama var ein av kommunikasjonssjefane til slottet. Bak henne stod kronprinsparet med fylgje.

Då britane forstod kva dei hadde gjort, kunne dei ikkje stogga å le. Dei kunne ikkje fatta kva slags naivt lukkeland dei var komne til. Her gjekk eit kronprinspar rundt, det var knapt ein livvakt å sjå, alle stod fritt til å gå bort til dei, og pressa stilte dei mest bisarre spørsmål. Kva var dette for noko?

Ein polakk som nett hadde landa, meinte at han stod andlet til andlet med sjølve den utøvande norske statsmakta. Han stakk mikrofonen bort til Haakon då han kom ut og ropte med høg røyst:

– Trur du alle drapsmennene er tekne no?

Tragisk som situasjonen enn var, måtte folk berre trekkja på smilebandet.

– Eg trur nok ikkje eg er den heilt rette personen å retta slike spørsmål til, var svaret Haakon gav medan dei norske journalistane førebudde seg på å gje polakken eit lynkurs i norsk statsrett.

«Live on Sky»
For meg byrja det heile straks etter at bomba gjekk av, ein person med kontaktar i Sky-systemet hadde av ukjende grunnar tipsa kanalen om min eksistens og sagt at dei burde ringja meg. Fleire gonger den ettermiddagen var Asgeir Ueland, som ofte har skrive for Dag og Tid, og eg på lufta. Ueland hadde vore ved regjeringskvartalet då bomba gjekk av, og gav ei rekkje intervju til CNN, Fox News og Sky. Det heile enda med at Ueland vart hyra inn av Fox og eg av Sky.

Spørsmålet alle stilte, på og av kamera, både til Ueland og meg var korleis ein bil kunne parkerast midt i eit regjeringskvartal. Gong etter gong prøvde eg å forklara at Noreg aldri hadde vore utsett for terroråtak, at vi hadde levd i harmoni og fred heilt sidan den andre verdskrigen og «nei, det står ikkje væpna vakter utanfor dei statsberande, norske institusjonane, og nei, dei aller fleste statsrådane har ikkje vakter til dagleg.»

– Men no kjem alt dette til å endra seg, vart eg spurd.

– Eg tvilar nok på det, svara eg.

– Er ikkje det ei nokså naiv haldning?

– Ja, men vi nordmenn er naive, vi lit på kvarandre, det har sine fordelar, det òg, prøvde eg å forklara.

Og slik heldt det fram i fem dagar. Journalistikkens vesen er å syna og å forklara. Syna kva hendinga er, forklara kvifor hendinga oppstod. Eg kunne hjelpa Sky med det fyrste, eg hadde ingen sjanse til å gjera det andre.

Ikkje viktig
Då det heile var over, gjekk eg og filosofen og sosiologen Jon Elster på gata i Oslo.

– Så kva skal vi gjera no, spurde eg.

– Ingenting, svara Elster spissformulert

– Det er ei utbreidd oppfatning at viktige hendingar har viktige årsaker, men slik er det ikkje.

Sagt på ein annan måte: Massemordaren må forståast som ein av dei tinga som berre skjer, eit slags politisk patologisk fenomen som kan oppstå, men som stort sett aldri gjer det, korkje i Noreg eller andre stader (mi tolking, ikkje Elsters).

Så var det då også rein galskap – eller sinnssjukdom, som forsvararen hans seier det er – som var den vanlege forklaringa då vi snakka med folk. Ein av desse var Kjersti Buer Dolve. Ho gjorde eit svært sterkt inntrykk på Sky-folka og sjåarane. Ho og familien sat og åt på hytta inne på fastlandet då ein ung mann brått kom inn døra, søkkande våt. Ho og ektemannen drog straks ut i kvar sin båt, ho i ein liten robåt. Hennar forferdelege rolle vart å vurdera kven som var sterke nok til å klara seg på eiga hand og kunne symja vidare, kven som kunne klara seg med redningsvest og kven som måtte opp i den vesle båten. Buer Dolve berga menneskeliv den fredagen.

– Eg kan ikkje forstå denne mannen, eg trur ingen kan forstå han. Eg synest synd på han, sa ho til Woods og fjernsynssjåarar verda over.

Dette var og er mitt syn på denne personen. Skal han gjevast meining som forklaringskraft, må menneske verta utsette for det same som han, ha den same genetiske disposisjonen og verta eksponerte for den same meininga og i tillegg taka spranget ut i det mørke valdslandskapet. Det kjem neppe til å skje. Han har heller ikkje særleg med tilhengjarar her til lands, svært få nordmenn støttar handlingane til Brevik. Men om nokon likevel skulle prøva å kopiera han, gjer ikkje det vår forståing av Breivik større utover det at det gjev han eit motiv.

Samfunnet vårt
Men sanninga var at få av dei internasjonale reporterane var interesserte i den typen analysar. Dei ville ha samfunn, dei ville ha ei nordisk og skandinavisk vinkling. Sidan eg gjekk og traska oppi denne store mengda internasjonale reporterar, fann eg raskt ut at mitt tilskot kunne vera å skyta ned dei mest ville påstandane.

– Eg har lenge visst at det er noko alvorleg gale i Skandinavia, fortalde ein utanrikskorrespondent for The Times meg medan vi venta på å få koma inn i rettslokalet som skulle nyttast på måndagen.

– Javel, sa eg. – Kvifor det?

– Eg dekte både drapet av Olof Palme, myrdinga i Knutby og skulemassakren i Finland, sa han. – Og no har vi fått dette.

Eg spurde han så om korleis han ville forklara dette. Vi gjekk gjennom våpenlovgjevinga, drapsraten, folketalet, skilnadene i historisk mentalitet, og så vidare. Etter at vi hadde snakka vel og lenge, spurde eg han om han eigentleg meinte det var noko alvorleg gale med dei nordiske landa.

– I grunnen ikkje, svara han. – Det er berre ein av dei tinga vi journalistar kjem i skade for å seia og skriva.

Eg var nøgd då. Men som regel var eg ikkje det. Same kor mykje eg prøvde å seia at dette eller dette neppe kunne forklarast utifrå ein særnorsk samanheng, fekk eg ikkje Sky-gjengen eller andre frå å prøva.

Ein populær forklaringsmodell var til dømes det norske debattklimaet. Det måtte vera noko gale med norsk debatt, korleis kunne elles drapsmannen ha danna seg desse oppfatningane? Eg kunne berre svara at debattklimaet var hardare, både generelt og når det galdt islam og muslimar, i Storbritannia, i Nederland, i Frankrike, i Italia, i Aust-Europa …

Men mange hadde fått med seg at det var noko alvorleg gale fatt i nettopp Danmark, var ikkje Noreg langt på veg det same som Danmark?

– Om Danmark er den store stygge ulven er Noreg ein liten rev, svara eg. Eg kunne dessutan peika på at Sverige, som har ein endå mildare offentleg innvandringsdebatt enn Noreg, hadde ein nettstad der drapsmannen hadde diskutert korleis ein bør plassera ut kunstgjødselsbomber.

– Vi har ikkje mykje slikt i Noreg, prøvde eg å seia.

Men nettopp debattklimaet var ei standardforklaring som svært mange nytta. Der ute og her heime. Breivik berre måtte forståast som eit nasjonalt fenomen, og ikkje som eit internasjonalt fenomen.

Ikkje imponerte
Kort sagt: Eg lèt meg sjeldan imponera av analysane utlendingane kom med. Ein kvar kan leggja seg dette på hjartet: Neste gong de opnar ei utanlandsk avis eller ser på ein internasjonal nyhendekanal og les eller ser noko som verkar imponerande: Når internasjonale medium er såpass dårlege på å analysera Noreg, så er det ikkje sikkert dei er så mykje betre til å analysera andre land. Personar som ikkje bur fast i eitt land og ikkje kan språket, vil aldri makta å gjera ein særleg god jobb som analytikarar.

Det dei utanlandske journalistane derimot var gode til, var å stille dei spørsmåla den norske pressa ikkje ynskte eller ikkje våga å stilla, spørsmåla som det truleg var for tidleg å stilla for oss her heime. Det dei korkje kunne fatta eller forstå var at politiet hadde ein innsatsstyrke som var utstyrt med helikopter som kunne frakta mange politi til åstaden, og så var dette helikopteret sett ut av funksjon av di det var fellesferie. Alt eg kunne gjera var å fortelja at dei hadde valt å gje mange fri samstundes for at helikopteret slik kunne nyttast resten av året utan avbrot.

– Men kva er poenget med ein innsatsstyrke som ikkje kan nyttast i sumarferien, var motspørsmålet. – Skal terroristar fylgja ei normalveke?

Det dei internasjonale reporterane var mest kritiske til, var paradoksalt nok det dei òg var mest nøgde med. Sky og eg møtte opp på Ringerike sjukehus dagen etter hendinga. Vi kunne gå ut og inn av bygningen utan spørsmål, dei tilsette gav oss kontor å arbeida frå, og sjefslegen lét oss snakka med dei offera som ynskte å snakka med pressa og som han meinte kunne tola slik merksemd. Frå vi ringde Ullevål sjukehus til vi stod og intervjua leiarane av traumetemaet, tok det berre ti minutt. Då vi ynskte å filma frå balkongen på Oslo rådhus under den store markeringa, sa vakta berre «ok, det kan vi fiksa». Faktisk stod norske statsrådar i kø for å verta intervjua. Noko sånt hadde dei mange frå Sky News aldri opplevd før. Det var enkelt og greitt imponerte over den norske fleksibiliteten og det faktum at folk langt ned i hierarkiet sjølve kunne taka avgjerder.

Naive oss
Men dei meinte òg at dette var naivt, og det ofte med god grunn. Fleire lurte på om norske styresmakter ikkje hadde fått med seg at ekstreme handlingar ofte vert fylgde av andre ekstreme handlingar. Særleg forundra var dei over det sirkuset som fekk utvikla seg utanfor Oslo tingrett måndagen etter hendinga. Korkje retten sjølv, politiet eller dei norske styresmaktene generelt såg ut til å ha fått med seg at tinghuset den dagen kom til å vera episenteret i den internasjonale medieindustrien. Alt frå klokka seks byrja dei fyrste å rapportera direkte frå tingretten, etter kvart vart fleire hundre mediefolk samla i og utanfor tinghuset, i tillegg kom dei mange hundre menneska som ville «få eit glimt av djevelen», slik éin sa det til Sky. Stemninga var ikkje god, mange var svært aggressive, men likevel vart gatene og tinghuset haldne heilt opne. Fyrst etter tre-fire timar kom dei fyrste politimennene på plass inne i tinghuset. Dei gjorde ikkje ein særmerkt god jobb.

Ein eldre israelar på Sky-teamet kunne ikkje stogga å le av det tragikomiske han opplevde.

– Eg gjekk inn i tinghuset med ein stor ryggsekk. Då eg såg dei to politimennene, stogga eg brått som ein skal gjera og held hendene litt ut frå kroppen. Dette visste eg kom til å taka tid.

Men ingenting hende, fortalte han.

– Etter ei stund tenkte eg at eg kanskje skulle prøva å taka eit steg. Dei såg ikkje eingong på meg. Til slutt gjorde eg noko eg aldri har gjort før, eg gjekk berre rett forbi dei. Dei kasta ikkje eitt blikk på meg. Så gjekk eg heilt bort til heisen og snudde meg. Framleis såg dei ikkje på meg. Så tok eg heisen opp til rettssalen med ein ryggsekk eg kunne ha plassert ei bombe i.

– Eg kjem aldri til å forstå eit samfunn som det norske.

Men det gjer vi nordmenn. Så får vi sjå om vi vågar å gjera nesten ingenting, litt meir tryggleik, litt meir overvaking av høgreekstreme får halda. Viktige hendingar treng ikkje ha viktige konsekvensar. Eg er neppe åleine om å setja pris på den norske fleksibiliteten. Det synspunktet deler eg med eit nær samla internasjonalt presskorps.

LES SAKA I DAG OG TID!