Historia bak «Til ungdommen»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia bak «Til ung- dommen»

Forfattaren Nordahl Grieg vart overtydd kommunist under eit opphald i Sovjetunionen tidleg på 1930-talet. Få år seinare skreiv han diktet som for alltid vil knytast til AUF sin lagnadsdag 22. juli 2011.
Det var likevel først i 1952 at diktet «Til ungdommen» vart gitt ei musikalsk innpakning av den danske komponisten Otto Mortensen. Ord og tonar vart dermed det einskaplege verket som i desse dagar blir brukt ved alle seremoniar og minnemarkeringar.

– Den er nærmast blitt ein nasjonal hymne og veldig knytt til AUF. Etter dei uhyrlege og dramatiske opplevingane ungdomspolitikarane våre har vore gjennom, vil denne songen heilt klart få ein meir framståande plass hos arbeidarrørsla, seier parlamentarisk nestleiar og tidlegare partisekretær Martin Kolberg til NTB.

Til sjøs
Nordahl Grieg var overklasseguten frå Bergen som drog tidleg til sjøs. Han skildrar sjømannslivet, skreiv reisebrev, dramatiske verk som « Vår ære og vår makt» og «Nederlaget», og ikkje minst romanen « Ung må verden ennå vere», sterkt påverka av trua på Sovjetunionen.

Det var trugsmålet frå den gryande nazismen som dreiv Nordahl Grieg. Han såg Sovjetunionen som eit bolverk mot dei fascistiske og nazistiske strøymingane i Europa. Grieg slutta seg til motstandsstyrkane etter invasjonen av Noreg i april 1940 og var med på fleire spektakulære operasjonar.

Han flykta til England, der han som krigskorrespondent deltok på flytokt over Atlanterhavet og Tyskland. Nordahl Grieg vart skoten ned over Berlin 2. desember 1943, 41 år gammal.

Revolusjonær
Det var den radikale Mot Dag-politikaren og pressemannen Trond Hegna som bad Grieg skrive eit optimistisk, framtidsretta dikt for ungdommen i samband med byrjinga av det nye studieåret i 1936. Grieg utførte oppdraget under eit opphald i Ny-Hellesund i Søgne. Same året gav Arnulf Øverland ut si kraftfulle åtvaring «Du må ikkje sove».

«Til Ungdommen» er ikkje arbeidarrørsla sin «eigedom». Songen blir framført ved mange høve, mellom anna er det fast innslag ved dei alternative konfirmasjonane som Human- Etisk Forbund arrangerer.

– Diktet har ikkje vore blant dei mest sentrale i vår songtradisjon, men har vore henta fram no og då. Det er « Dei unge slekter» med tekst av Kåre Holt som er den offisielle songen til arbeidarrørsla framfor nokon, ved sida av Internasjonalen, seier Kolberg.

Han legg stor vekt på betydninga av songen, både formidlinga av eit politisk innhald og allsongen si evne til å skape sosialt fellesskap.

Minnestein
I november 2003 vart «Til Ungdommen» framført under avdukinga av minnesteinen som er reist for Nordahl Grieg og mannskapet, der flyet styrta i skogen utanfor Potsdam like ved Berlin i 1943.

Mange artistar har spelt inn versjonar av diktet, nokre gonger kalla « kringsett av fiendar». Blant desse er Grex Vocalis, Herborg Kråkevik og danske Kim Larsen.

Trass i sitt sterke moralske og oppbyggjelege innhald, og si nekting av krig og vald som verkemiddel, fekk ikkje « Til Ungdommen» status som salme ved revisjonen av salmeboka til Den norske kyrkja i 2008.
Den var med i førsteutkastet, men vart sett bort ifrå i den endelege utgåva med den grunngjevinga at den ikkje innfridde krava til « teologisk dimensjon» (©NPK).

Høyr Herborg Kråkevik syngja «Til Ungdommen» her:

Faktaboks

Les meir om Nordahl Grieg i Wikipedia og Snl.no!