Trøystande ord i ei tung tid

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spørsmåla er og har vore mange. Etterkvart som svara har kome, har sjokket vike for den botnlause sorga.

Framleis synst eg det er vanskeleg å setje ord på det som har skjedd.  Det heile er så grufullt og uverkelig! Men nettopp difor trur eg det er viktig å snakke om terrorangrepet mot regjeringskvartalet og på Utøya. Slit du som meg med å finne dei rette orda? Vel, nokon greier på fantastisk vis å gje trøystande ord i ei tung ting. Mykje klokt og godt har blitt sagt den siste veka.  Her har eg samla sitata som har rørt meg mest:

«Eg er uendeleg takksam over å leve i eit land der folk i ein kritisk tid tar til gatene med blomar og ljos for å slå ring om demokratiet.»
    Jens Stoltenberg

«Etter bombeangrepet ved Regjeringskvartalet og drapa på Utøya er landet forandra for alltid. Men det er me som avgjer kva endringane skal vere. Kvart steg me tar etter tragedien vil forme framtidas Noreg.»
    Eskil Pedersen, AUF-leiar

«I kveld er gatene fylt av kjærleik. Me har valt å svare terror med nærleik. Me har valt å møte hat med samhald. Me har valt å vise kva me står for.»
    H.K.H. Kronprins Haakon

«Om éin mann kan vise så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan vise saman!»
    Helle Gannestad, AUF-er

«Svaret er ikkje hat, men meir kjærleik»
    Beyan Rashid, mor til avdøde Bano Rashid

«Det me har tatt som sjølvsagt i Noreg, demokratiet vårt og levesettet vår, blir verdsett på ein annan måte. Eg har aldri før opplevd sånne dagar i politikken.»
    Knut Arild Hareide, KrF-leiar

«Det er ikkje mogleg å gjere anna enn å ta av seg hatten for den leiarskapen Jens Stoltenberg har utvist etter 22. juli. Han har i ei krisetid vore samlande og foreint. Det er stor statsmannskunst.»  
    Siv Jensen, FrP-leiar

«Stille gjekk folketoget gjennom byen, ingen høglydte rop om hemn, ingen hatefulle slagord. Eg tenkjer at det ikkje er mange stader i verda me kan oppleve noko tilsvarande.»
    Arild Espegren, ordførar i Birkenes