Slik kan millionar av menneske koka mat – utan å bidra til klimautslepp og ørkenspreiing.

mm

– Kven som helst kan laga sin eigen solkokar, seier Rolf Behringer. I 1993 starta han ULOG Freiburg – Solarfood, og har sidan jobba med korleis ein kan koka mat ved hjelp av sola.

Det einaste du treng for å laga ein solkokar er litt aluminiumsfolie og ei pakkeske. Sjølvsagt kan det byggjast meir avanserte variantar, men etter at solkokaren er bygt er det gratis å koka mat.

Manglar informasjon
For det meste har Behringer jobba i Afrika, ein plass der solkokarar kan vera til særs god hjelp. Men enno er solkoking for det mest ukjent på den afrikanske landsbygda.

– Det er eigentleg ikkje godt å veta, men eg trur informasjon manglar, seier Behringer.

Ein nigeriansk utvekslingsstudent blandar seg interessert inn i samtalen.

LES OGSÅ: Slik kan Noreg bruka sola meir

– Det er definitivt informasjon som manglar, seier han. Å bruka sola det ho er verdt, burde fleire tenkja på.

Ikkje nok med at solkokarar er billeg. Kan dei erstatta mykje av vedhogsten i utsette område, kan ein også lettare unngå ørkenspreiing.

Rein og gratis energi
Sola er den desidert viktigaste energikjelda vår, og kan nyttast mykje meir enn ho blir gjort i dag

– Berre her i Noreg varmar sola opp hus for over 1,5 milliardar kroner, berre gjennom måten dei er plasserte i forhold til sola, fortel Kristoffer Robin Haug engasjert.

LES OGSÅ: Satsar på solenergi på høgfjellet

Like ved han står ein stor parabol av blankt metall. Midt i står ei gryte med vatn oppi. Vatnet dampar sjølv om det er halvskya og kring 13 grader ute. Det er Foton, studentgruppa til Norsk Solenergiforening som har stand på Blindern.

Veks raskt
I stortingsmeldinga ”Mot en grønnere utvikling” heiter det at utnyttinga av solenergi veks meir enn bruken av andre fornybare energikjelder.

Ei rekkje norske bedrifter er engasjert i produksjon av solcellesystem i Norge og utlandet.

I India bidreg det norske firmaet Scatec Solar med å utvikle eit solcelletilbod i 30 landsbyer som ikkje er knytta til det nasjonale straumnettet.

Sjå video frå YouTube, og sjå kor effektiv sola kan vera:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE