Sterk framgang for Ap i ny måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partibarometeret som Sentio lagar for Sunnmørsposten, var halvferdig då terrorangrepa skjedde. Dermed kan tala vise stemningsskiftet i folket etter angrepet.

Tala viser ein sterk auke for Arbeidarpartiet (Ap), medan Høgre og Framstegspartiet går tilbake.

Avisa understrekar at det er grunn til å tolke resultata med ei viss varsemd.

Tala fram til 22. juli byggjer på telefonintervju av 491 personar frå tysdag 19. juli til bomba i Regjeringskvartalet smalt fredag 22. juli.

Deretter vart 488 personar intervjua i perioden frå laurdag 23. juli til tysdag 26. juli.

I dagane før terrorangrepet fekk Ap ein oppslutning på 28,1 prosent, medan oppslutninga auka med 10,6 prosentpoeng til 38,7 prosent etter angrepet.

Frp gjekk tilbake 2,8 prosentpoeng i den same perioden, frå 20,3 prosent oppslutning til 17,5 prosent. Høgre fekk ei oppslutning på 21,5 prosent, ein tilbakegang på heile 7,1 prosentpoeng.

Venstre og SV auka sin oppslutning med høvesvis 2,2 og 1,3 prosentpoeng og enda begge med ei oppslutning på 6 prosent. Raudt mista 1,6 prosentpoeng og fekk 0,8 prosent oppslutning, medan Sp vart ståande på staden kvil, med ei oppslutning på 4,1 prosent.

Andre parti gjekk tilbake 0,5 prosentpoeng til 0,8 prosent. (©NPK)

Trur du denne tendensen vil halda seg i lokalvalet?