– Vi skal ta tryggleiken tilbake

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 150.000, kanskje over 200.000 menneske, var samla berre i Oslo for å minna offera for terroråtaka 22. juli. Og i bygd og by over heile landet samlast kanskje like mange for å minna dei døde og visa omsorg for dei pårørande og attlevande.

– Hat er ei nærliggjande kjensle. Ønskjet om hemn ein naturleg reaksjon. Men vi, Noreg, skal ikkje hate og vi skal ikkje hevne. Vi skal stå saman i sorgen, i håpet og i trua på det ungdomane på Utøya jobba for, nemleg eit betre samfunn, sa AUF-leiar Eskil Pedersen i ein appell på Rådhusplassen i Oslo.

– Bruk stemmeretten
– Han brukte våpen, vi skal bruke røysteretten. La valet i haust bli eit manifest for demokratiet vårt, heldt AUF-leiaren fram.

Jens Stoltenberg oppfordra òg folk til å bruka stemmeretten sin for å markera støtte til demokratiet.

SEND INN BILETE FRÅ BLOMEMARKERINGA DER DU VAR!

– Ondskap kan drepe eit menneske, men aldri sigra over eit heilt folk, sa statsminister Jens Stoltenberg i appellen sin.

Samhald, kjærleik og tryggleik
Kronprins Haakon talte òg til folket frå scena på Rådhusplassen:

– Vi har valt å møte hat med samhald. Vi har valt å vise kva vi står for.

– Noreg er eit land i sorg. Vi tenkjer på alle som har lide tap, som savner og alle som gjorde ein heroisk innsats for å redde liv og gjenopprette tryggleik. Og på leiarane våre, som har vore sett på vanskelege prøver dei siste dagane. Dei som oppheldt seg på Utøya og i Oslo var mål for terroren, men han rammar oss alle, sa Kronprins Haakon i talen sin.

– Vi står overfor eit val. Vi kan ikkje gjere det som skjedde ugjort, men vi kan velje kva dette skal gjere med oss som samfunn og einskildindivid. Vi kan velje at ingen skal måtte stå åleine. Vi kan velje å stå saman, og det er opp til kvar enkelt av oss no, det er opp til deg og meg. Saman har vi ein jobb å gjere. I kveld er gatene fyllt av kjærleik, sa kronprinsen.