– Slå tilbake terroren med stort frammøte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stort frammøte ved valurnene i september er kanskje den beste måten kvar einskild av oss kan æra dei som er råka av denne tragedien, seier Knut Henning Grepstad, til dagleg rådgjevar ved fylkesordføraren sitt kontor.

God handtering
Han seier det no er om å gjera å mobilisera alle gode krefter under omsorgsinnsatsen overfor dei mange som er råka.

– Dette er tida for omsorg, ikkje kalde analysar, seier han, men meiner også å sjå at det totale biletet så langt ikkje er utan tillitvekkjande element.

– Det har varma å sjå kor bra styresmaktene og hjelpeapparatet har handtert dette, seier han.

Lover godt
Knut Henning Grepstad meiner det er viktig å ha det siste i botnen.

– Det viser styrken i det norske samfunnet, seier han, og peiker på den breie menneskelege deltakinga, landet over, som han meiner medverkar ytterlegare til kvaliteten i det norske demokratiet.

– Folk bryr seg, seier han, og meiner at summen av alt dette lover godt.

Reelle saker
– Men kva no?

– Samfunnet må vidare, og det ventar eit val om kort tid.

– Korleis blir valkampen?

– Det blir ein valkamp ikkje upåverka av det som har skjedd, men kanskje kan me forventa ein valkamp fokusert på reelle spørsmål og i mindre grad ein valkamp med negative og skjemmande element.

Opptakten
Han trur likevel det er til demokratiets beste at det blir ein aktiv og engasjert valkamp.

– Men me må hugsa at Arbeiderpartiet vil vanta folk, mange i rekkjene deira er direkte og indirekte råka, dei vil vera fråverande, seier han, og peiker på det faktum at det var partiet sin opptakt til valkampen som fredag vart offer for terror.

Normalt aktiv
– I respekt for dei som fekk liva sine øydelagde i Regjeringskvartalet og på Utøya bør me streba etter å gjennomføra ein valkamp så normalt aktiv som mogleg, seier han.

– Men valkampen blir hemma?

– Viktige saker kan likevel bli tema, men innanfor ei ramme med respekt for det som har skjedd.

Meistring
Fylkesordføraren sin rådgjevar meiner det norske samfunnet har stor evne til å ta seg inn att.

– Me er ein nasjon med meistringseigenskapar, me ser dette no, seier han.

LES SAKA I SOGN AVIS!