Korleis snakke med born om det som skjer?

Barneombudet med råd om korleis ein kan snakke med born om bombinga i Oslo og skytinga på Utøya.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombudet oppfordrar born og ungdom til å snakke med foreldre eller vaksne de stolar på om dette, viss dei er urolege eller ynskjer å prate med nokon.

Informasjonen som ligg under er laga tidlegare, men inneheld råd som vil vere nyttige i denne situasjonen.

Born får òg med seg nyhende
Born og unge får med seg det som har skjedd gjennom TV, internett og andre medium. Barneombudet presenterer her nokre tommelfingerreglar for korleis du kan møte borna når dramatiske hendingar inntreff.

Utgangspunktet for å ivareta born i slike situasjonar er å vere klar over at dei kan trenge å få vita kva som har skjedd akkurat som oss vaksne. Det kan gjelde like sterkt om det er ei hending som når media, eller om den forblir i den private sfæren.

Nyhende har vaksne som målgruppe
Når krisen blir offentleg er skilnaden på oss kanskje først og fremst at media sine nyhetsformidling er berekna for vaksne, og ikkje for born. Det viktigaste vaksne kan gjera i samband med slike dramatiske hendingar blir difor å vere oppmerksame og gode nyhendesformidlarar til born og unge.

Media har sjølvsagt òg eit viktig ansvar for å skjerme borna mot unødig fokus på dei grusamaste detaljane og den mest nakne menneskelege lidinga.

Nokre tommelfingerreglar fór korleis du kan møte borna:

• Ver open for spørsmåla til born om kva som har skjedd. Det kan vere om kven som kan ha begått ei grusam handling og kvifor dei gjorde det, eller om korleis ei ulykke har skjedd, og kva for konsekvensar hendinga kan få.

• Svar ærleg og sannferdig på spørsmåla, men på ein måte som er tilpassa alderen til barnet. Konsentrer svara om det barnet faktisk spør om. Ikkje sei ting som er usant for å skjerme barnet, men det er ikkje alltid naudsynt å fortelje alt. Det kan vere aktuelt og skjerme born mot sterke bilete i media for å motvirke at born mottek inntrykk dei ikkje klarar å bearbeide.

• Ver oppmerksam på borna sine reaksjonar. Dei kan bli redde, engstelege, sinte eller triste, og då er det viktig for dei at dei vaksne forstår korleis dei har det. Unngå å spørje born om kva dei føler. Sei heller noko om at du synest barnet virkar trist eller engsteleg viss du faktisk synest det, eller snakk litt generelt om korleis det er naturleg å reagere på ein slik hending. La dei få høve til å fortelje om kjenslene sine viss dei vil, men prøv å unngå å gje dei inntrykk av at dei skulle følt meir enn dei gjer.

• Jo nærare barnet står dei som er ramma, jo meir sannsynleg er det at dei har behov for snakke om det. Born må òg få lov til å føle at ei dramatisk hending ikkje vedgår dei så mykje, dersom dei ikkje kjende nokre av dei som er rørt.

• Born snakkar gjerne om slikt i små porsjonar av gongen. Så tek dei kanskje det dei har fått vita med seg i leiken sin og bearbeidar det vidare gjennom der. Lek fungerer for born som språk gjer for oss. Det er eit reiskap for å bearbeide og meistrar røynsler. Det er altså ikkje noko å bekymre seg over i utgangspunktet at dei dramatiske hendinga dukkar opp i leiken til born. Tvert i mot, dette er sunt og naturleg.

Faresignal
Nokre born kan skakast meir av hendinga enn andre, og reagere så sterkt at dei får vanskar i etterkant. Dei viktigaste signala på dette er:

• Konsentrasjonsvanskar
• Søvnproblem
• Endra åtferd ved at dei til dømes blir aggressive eller urolege, kanskje byrjar å oppføre seg meir småbarnslig enn alderen tilsier, som til dømes å tisse i senga om natta eller vere reidde for leggje seg åleine.
• Mareritt om hendinga, eller at plagsame bilete frå hendinga stadig dukkar opp ufrivillig.

Ved slike reaksjonar er det ekstra viktig at barnet følar dei kan snakke med nokre om det som plagar dei. Kanskje det òg kan vere naudsynt med profesjonell hjelp for å leggje hendinga bak seg utan unødig store varige psykiske plager.