Norske vaflar i London

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var over 60 søkjarar til eittåringstillingane på sjømannskyrkjer rundt om i Europa. Lunde er ein av to heldige, som skal tilbringa eit år i London.

Som eittåring skal Fitjar-jenta sørgje for at nordmenn på reise får oppleva eit lite stykke Noreg i utlandet. Arbeidsoppgåvene vert varierte. Lunde skal fungera som assisterande husmor, vertskap, arbeida med konfirmantar og vera med å planleggja ulike arrangement.

– Sjømannskyrkja har arrangement på merkedagar som 17. mai og i jula, seier ho.

Borte bra
Lunde gler seg til å laga god stemning for nordmenn, som kanskje har litt heimlengsel, i høgtidene.

– Det er første gong eg er vekke frå familien på julaftan, seier Lunde.

Det vert truleg skikkeleg julemiddag sjølv om ho er i London. På sjømannskyrkja er dei kjend for å servera norsk mat, gjerne vaflar. Det er difor ikkje maten, men familie og vener som vil verta det største saknet når Elisabeth Lunde skal vera eit år i utlandet.

– Eg har lenge hatt lyst å reise ut i verda, og her får eg bruk for bachelorgraden min i teologi og leiing, seier Lunde.

Under studiane budde ho tre år i Oslo.

– Det er ein stor by, men kan ikkje måla seg med storbyen London, seier ho.

Det var under desse studiane Lunde vitja sjømannskyrkja i London for første gong. Sjølve byen har den reiselystne jenta vore i mange gonger, men berre som turist. Å ha fast base i Storbritannias hovudstad vert ei heilt ny oppleving.

Pariserhjulet London Eye er ein av attraksjonane som under tidlegare besøk har vorte nedprioritert, men som Lunde har planar om å rekkja innom i løpet av året.

– Me får gratis losji på sjølve sjømannskyrkja, så eg må koma meg ut for å praktisera språket, seier Lunde.

Store spørsmål
Lunde ventar seg gode samtalar inni sjømannskyrkja og, men då på norsk.

Jenta frå Fitjar ser fram til å møta ulike folk i alle aldrar, både konfirmantar, studentar og eldre.

– Kan hende er det lågare terskel for å spørja om tru der borte, enn heime i Noreg, undrast Lunde.

Ho gler seg til å svara på eventuelle spørsmål som måtte dukka opp.

– Men det er nokre ting eg ikkje er viss på, og heller aldri kjem til å bli viss på, seier Elisabeth Lunde, som vil visa folk vidare til presten dersom ho ikkje føler seg kompetent til å svara. Men med litt teologi i baklomma, vil nok Lunde vera til god hjelp i sjømannskyrkja.

LES HEILE SAKA I SUNNHORDLAND.