Feriedrikking plagar barna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferie- drikking plagar barna

Det viser ei undersøking som Synovate Norge har utført på oppdrag frå Barn av rusmisbrukarar (BAR), skriv Aftenposten. 2,3 prosent av dei spurte barna svarte ja på spørsmål om dei har opplevd ubehag ved at foreldra har brukt rusmiddel i Syden eller på chartertur.

Totalt deltok 1.225 personar i alderen 8–24 år i undersøkinga. Dess eldre barna var, dess fleire var det som kryssa av for at dei hadde blitt plaga med rusa foreldre på ferie. Då det same spørsmålet blei stilt i 2010, svarte 3,5 prosent at dei hadde vore plaga av foreldrerus på ferie i varmare strøk.

– På generelt grunnlag kan vi seie at 3 prosent av barn og ungdom i alderen 8–24 år ein eller annan gong opplever at rusmiddelbruken til foreldra på sydentur eller charterferie blir ubehageleg. Dette utgjer 30.000–35.000 barn og unge kvart år, seier generalsekretær i BAR, Marius H. Sørensen-Sjømæling.

I dei mest alvorlege tilfella må Sjømannskirken, utanrikstenesta, reiseselskapa eller lokale styresmakter tre støttande til. Sørensen-Sjømæling meiner noko av forklaringa er at vi «misser alle grenser» når vi dreg utanlands.

– Eg vil presisere at desse tala ikkje handlar om dei verste tilfella, der barna har alkoholikarforeldre, men om familiar generelt. Med ein gong vi står på Gardermoen klokka seks om morgonen, er det plutseleg OK å drikke øl, seier han til Aftenposten. (©NPK)