Unge skadar seg mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I aldersgruppa 18-24 år er det 50 prosent fleire jobbrelaterte skadar med dødeleg utgang enn i alle andre aldersgrupper. Hovudsakleg skuldast dette at unge manglar erfaring, kombinert med dårleg opplæring, og lite fokus på tryggleik, melder Arbeidstilsynet i sitt nyhendebrev.

I ein fireårsperiode frå 2004 til 2009 fekk Arbeidstilsynet rapport om gjennomsnittleg 2 863 arbeidsskader årleg for unge mellom 15 og 24 år. Dei vanlegaste skadane er augeskadar og stikk- og kuttskadar. Augeskadane oppstår ofte fordi ein ikkje bruker augevern. Mange oppgir at det ikkje er vanleg på arbeidsplassen å bruke slik vern, at arbeidsstaden er for trang til at det går an, at vernebrilla dogga, var ubehageleg eller ikkje var tilgjengeleg.

Også talet på sjukdomar relatert till arbeid er registrert, og i perioden 2005 til 2010 har Arbeidstilsynet fått melding om 562 slike sjukdomstilfelle. Det dreier seg for ein stor del om hudsjukdommar og støyskadar. Det er oftast frisørar som melder frå om hudsjukdommar. Støyskadar er eit typisk problem i industrien og i byggje- og anleggsverksemder. Dei som oftast melder ifrå er frisørar, tømrarar, bilmekanikarar, elektrikarar, kokkar, snikkarar og industrimekanikarar.