Unge under 30 år er kraftig underrepresentert i styringa av kommunar og fylke. Situasjonen blir neppe betre etter valet i haust, viser ein rapport som blir lagt fram i dag.

mm
Faktaboks

Dette tilrår Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) for å få fleire ungdommar blant dei folkevalde:

Partia må:
• jobba systematisk for å få fleire unge på sikre plassar på listene
• sørgja for målretta opplæring og oppfølging av yngre representantar
• gje fleire under 30 år tillitsverv, for å sikra rekruttering, opplæring til unge som skal stå som listekandidatar seinare
• gå saman om eit nettverk for unge folkevalde på tvers av partigrensene

Norske styresmakter må:
• finansiera meir forsking på vilkåra for unge folkevalde og kva som skal til for at dei blir i politikken
• utarbeida ein nasjonal informasjonsstrategi for å auka kunnskapen om val og det politiske systemet blant ungdom
• skapa møteplassar mellom ungdom og politikarar
• samarbeida med kommunane om å få større fokus på unge i opplæringa av folkevalde
• sikra at barne- og ungdomsorganisasjonane får tilgang til skulen, slik at dei kan bidra til meir samfunnsengasjement blant ungdom

LES HEILE RAPPORTEN HER!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg utfordrar dei som skal stemma i lokalvalet til å stemma fram dei unge på listene, seier Gunhild G. Stærk, leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU. Ved å kryssa av eller haka av framfor namnet på ein eller fleire kandidatar under 30 år, gjev du dei ei ekstra stemme og større mulegheit til å koma inn.

LES OGSÅ: Slik endrar du vallistene

I ein rapport frå LNU som blir lagt fram i dag, kjem det fram at berre 7,3 prosent av dei som blei valt inn i kommunestyra ved sist val var mellom 18 og 30 år – samtidig som denne gruppa utgjer 15,5 prosent av heile folkesetnaden.

Manglar ikkje engasjement
Og det ser ikkje ut til at det blir noko endring dette valet heller. Av dei som stiller til val i haust er det berre 10,6 prosent som er under 30 år. Snittalderen er 49 år.

– Dette blir opplevd urettferdig, og går ut over legitimiteten til demokratiet, poengterer Gunnild Grande Stærk. Ho tilbakeviser at den dårlege representasjonen skuldast lite engasjert ungdom. Medlemstala til barne- og ungdomsorganisasjonane har vore i vekst over fleire år, og fleire politiske ungdomsparti har aldri opplevd større vekst før.

– Me ser at ungdom er veldig engasjerte. Men det er ei språkbarriere, og politikken blir dessutan ikkje opplevd relevant for mange unge. Difor er det viktig med fleire unge i kommunestyre og fylkesting fordi ein forstår ungdom betre.

– Det handlar ikkje om at 50-åringar ikkje kan ta gode avgjerslar for ungdom, men avgjerslene som blir gjort på vegne av fleirtalet blir betre om også unge har fått vera med å seia meininga si, understrekar Grande Stærk, og viser til at det er unge som er ekspertar på å vera unge, ikkje ein gjennomsnittleg kommunestyrerepresentant på 52 år.

Opnar for kvotering
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar krev at partia jobbar systematisk for å få fleire unge på listene. Dei fleste partia prøver å få ei jamn fordeling mellom kvinner og menn på listene. I årets kommunestyreval er det 42 prosent kvinner som stiller til val. Sosialistisk Venstreparti har eit fleirtal av kvinner som stiller. Og i fylkestingsvalet har Arbeidarpartiet også fleirtal av kvinner.

– Kvotering har sikra betre kvinnerepresentasjon i fleire parti. Kan dette vera eit aktuelt tiltak for å få fleire unge med?

– Ja, absolutt. I alle fall dersom det kan føra til at fleire unge blir valt inn. Det må likevel vera slik at ein blir valt inn fordi ein blir sett på som flink. Det vil ikkje vera gøy å bli valt inn berre på grunnlag av alder, understrekar Gunhild Grande Stærk.

– Mange kommunar med potensiale
20 kommunar og sjølvstyret i Longyearbyen har forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar til hausten. Det er store forskjellar mellom kor mange under 30 år det er i kommunestyra i forsøkskommunane i dag. I Stavanger var 13 av 67 under 30 år då dei blei valt inn for nær fire år sidan. I Longyearbyen, Namdalseid og Sigdal var det ingen.

LES OGSÅ: Der ungdom får bestemma

– Me har leita etter eit mønster mellom dei kommunane som er gode på å få unge med, og dei som ikkje har noko unge i kommunestyret, men ikkje funne noko mønster. Me vel å tolka dette til at alle kommunar har potensiale til å bli betre, seier Gunhild Grande Stærk.

Rapporten viser også at mange unge representantar fell frå undervegs, på grunn av flytting til studier eller ny jobb.

– Dette kan kommunane gjera noko med. Til dømes med å flytta møtedatoar til måndagar, slik at det er lettare å kombinera dette med helgebesøk til heimkommunen, føreslår LNU-leiaren.

Vil inn i klasseromma
Berre kring ein av tre førstegangsveljarar bruker stemmeretten sin i lokalvala. Og har du ikkje brukt stemmeretten før, så er det også lettare for at du blir i sofaen ved neste val. Rapporten viser til svenske undersøkingar som viser at fleire unge politikarar fører til auka valdeltaking blant dei unge.

LNU kjem med fleire forslag til korleis ein kan få fleire unge inn i kommunestyre og fylkesting. Mellom anna krev dei at barne- og ungdomsorganisasjonar må få betre tilgang på skulane.

Les også: – Ingenting eg har lært så mykje av

– Det handlar mellom anna om å la barne- og ungdomsorganisasjonane få lov til å bruka lokala på skulen. Og når ein har samfunnsfagstime, så kan ein få unge frå til dømes eit ungdomsparti til å snakka om politikk. Då får elevane eit andlet å forhalda seg til. Det handlar om å snakka eit språk som dei forstår, understrekar Gunhild Stærk Grande.

Kva meiner du skal til for å få fleire unge med i politikken?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

Kommentarar

ANNONSE