Slik kan du endra vallista

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved kommunestyreval og fylkestingsval kan veljarane påverke kven av kandidatane som blir valde, gjennom å gje personrøyst til kandidatane på lista. Er det nokon du likar ekstra godt eller likar betre enn dei som står over på lista, så kan du gje personrøyst til så mange av kandidatane du vil. Det gjer dei ved å setje eit merke (kryss, hake eller liknande) i ei rute ved namnet til kvar kandidat du vil ha lenger opp.

Ved kommunestyreval er det også høve til å føre opp kandidatar frå andre lister, såkalla “slengjarar”. Dette gjer ein ved å føre desse kandidatnamna opp i eit eige felt på røystesetelen. Når veljaren gjev personrøyster til kandidatar på andre lister, overfører han ein tilsvarande del av røysta til den eller dei listene desse kandidatane står oppførte på.

Kommunestyrevalet
Når det er avgjort kor mange representantar ei valliste skal ha, blir plassane fordelte til kandidatane på lista. Kandidatkåringa skjer på grunnlag av det personlege røystetalet kandidatane har fått. Det personlege røystetalet kjem fram på denne måten:

Kandidatar som står med utheva skrift, øvst på røystesetelen, får eit tillegg i sitt personlege røystetal. Tillegget inneber eit påslag i personstemmer som svarer til 25 prosent av det talet på veljarar som har røysta på lista. Har eit parti fått 100 røyster, skal kandidatar med utheva skrift få 25 personrøyster. Partiet/gruppa som står bak listeframlegget, kan gje røystetillegg til eit avgrensa tal kandidatar (sjå framanfor om listeframlegg) for å ha eit visst høve til å påverke kven som blir vald.

Etter å ha rekna ut røystetillegget legg ein til dei personrøystene veljarane har gjeve til kandidatane. Personrøyster mottekne frå lista sine eigne veljarar og personrøyster mottekne frå veljarar bak andre lister (slengjarrøyster) tel like mykje.

Kandidatane blir kåra i rekkjefølgje etter kven som har det høgaste personlege røystetalet.

Fylkestingsvalet
Når det er avgjort kor mange representantar ei valliste skal ha, blir plassane til kandidatane fordelte på lista.

For kandidatar som har fått personrøyst frå minst 8 prosent av veljarane til partiet, legg ein talet på personrøyster til grunn for rekkjefølgja. Desse kandidatane rykkjer opp, forbi kandidater høgare opp på lista som ikkje har fått like mange personrøyster.

For alle andre kandidatar, som ikkje oppnår minst 8 prosent personrøyster, blir rekkjefølgja på lista lagd til grunn for kandidatkåringa.