– Ingenting eg har lært så mykje av

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i haust skreiv Framtida.no at snittalderen for kommunestyrerepresentantar er 51 år. Ina Rangønes Libak (20) ler når ho får høyra det.

– Det viktigaste er at ein får inn representantar som kan representera folket som heilskap. Dei aller eldste er òg lite representert, påpeikar Rangønes Libak.

– Ditt eige parti, Arbeidarpartiet, har fått fleire kvinner med i politikken med radikal kjønnskvotering. Bør ein ta meir radikale grep ved å kvotera inn fleire unge?

– Ja, det meiner eg. Ein er ikkje flinke nok til å få unge representantar inn i politikken. Ein bør vera strengare på at òg aldersspreiing er viktig i demokratiet. Skal ein få fleire unge inn i politikken må ein òg ha unge førebilete i politikken. Det er ein vond sirkel der få unge førebilete gjer det vanskelegare for andre unge til også å ta steget.

Minst éin ung
Ina Rangønes Libak meiner ein kvar nominasjonskomite og programkomite bør ha minst eitt ungt medlem.

– Me i AUF er opptekne av å få unge inn der makta er. Då er det òg viktig med skulering, og at ein er førebudd på møta du er på for å ha nokon sjanse til å få gjennomslag.

Ho understrekar at ein kvart fylkes- eller kommuneprogram blir betre om også unge har fått vera med på å utforma det.

Fekk jobba med tilflytting
Ina Rangønes Libak fekk mykje merksemd då ho blei valt inn som landets yngste kommunestyrerepresentant.

– Det kom jo som ei overrasking. Eg stod på 12. plass, men hamna til slutt på 6. plass.

– Er det noko du kan tilrå andre unge?

– Ja! Det kan eg tilrå alle! Det er ingenting eg har lært så mykje av.

LES SISTE NYTT FRÅ SAMFUNN OG POLITIKK!

Ina Rangønes Libak fekk vera med i eit utval som skulle sjå på tiltak for å auka tilflyttinga til Averøy kommune.

– Det var ei veldig relevant sak for meg å jobba med, og veldig interessant.

Litt vill og galen i opposisjon
I kommunestyret i Averøy er det ein til som er fødd i 1989, Erling E. Laugsand. Dei andre politikarane har gått med på å ha kommunestyremøta på måndagar, slik at det skal gå an for bortebuarane å kombinera møta med langhelg heime.

Ina Rangønes Libak jobbar no som fylkessekretær for AUF i Akershus, men ho trur at ho stiller til attval om ho får spørsmål frå valkomiteen til Averøy Ap.

BLI MED I DEBATTEN PÅ FRAMTIDA.ORIGO.NO!

– Kva saker har du fått vera med på å påverka i Averøy?

– Den første saka var då me skulle ha ei miljøundersøking i kommunen, og det blei ungdomsskulen som utførte denne, og folk blei spurt om kvad ei ville gjera for å vera meir miljøvenlege. Akkurat no kjempar eg for å ikkje kutta i spesialundervisinga i skulen.

– Du og Arbeidarpartiet er ikkje ein del av fleirtalet i kommunestyret. Korleis er det å vera i opposisjon?

– Det er dumt å ikkje få gjennom den politikken ein ønskjer. Men det er mogleg å bruka rolla aktivt for å synleggjera forskjellane, og slik vinna valet neste gong. Og så kan ein jo vera litt vill og galen òg, ler ho.

Vil påverka det urettferdige
Ina er òg oppteken av korleis ein fremjar eit samfunnsengasjement i skulen.

– Det krevst handling på fleire kantar, held ho fram.

Framtida.no har skrive om at mange kommunar enno manglar ungdomsråd. På spørsmål om det er viktig å kjempa for fleire unge i kommunestyra eller ungdomsråd, svarar ho slik:

– Alle areaner der unge får vera med på å påverka er viktige. Så det er ikkje noko anten-eller.

– Korleis byrja du å engasjera deg i politikken?

– Eg hadde eit engasjement for det som skjedde rundt meg. Det var mange ting eg ikkje likte og som eg syntest var urettferdig. Eg ville vera med på å påvirka, og er kjempeheldig som har fått vera med. Alt som skjer rundt oss er politikk.