14 av 430 nyutdanna politifolk i fast jobb

Berre 14 av 430 uteksaminerte politistudentar i juni har fått fast stilling i politiet, ifølgje Politiets Fellesforbund. – Å få plass på Politihøgskolen betyr ikkje at ein samstundes blir tildelt jobb i staten, seier justisministeren.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får ikkje jobb i politiet

Politiets Fellesforbund har vore i kontakt med studentane og kartlagt terrenget for talet på uteksaminerte i år, som har fått fast stilling. Av årets 430 avgangsstudentar, har berre 14 politistudentar fått fast jobb i politiet. 93 har fått sommarvikariat i politiet.

Leiaren for Politiets Fellesforbund Arne Johannessen meiner at studentane er ført bak lyset og at Knut Storberget ikkje har halde løfte sitt.

– Situasjonen er verre enn det eg trudde, seier Johannessen.

Justisministeren blir oppgitt i møte med statistikkane til Politiforbundet.

– Å få plass på Politihøgskolen betyr ikkje at ein samstundes får jobb i staten. Det er all grunn til å sette spørsmålsteikn ved måten Politiets Fellesforbund driv sine kampanjar gong på gong, seier Storberget.

Justisdepartementet har ein eigen oversikt av kva som har skjedd med dei uteksaminerte politistudentane dei siste åra. Denne viser at talet på studentar med jobb i politietaten ligg stabilt mellom 93,8 og 95,6 prosent. Av dei 393 som besto eksamen i fjor hadde 362 jobb i politiet i juni i år. (©NPK)