Her er dei beste skulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avisa har kartlagt grunnskuletilbodet i alle kommunane i Noreg. Dei er rangerte ut frå to kriterium: Resultata på nasjonale prøvar i engelsk, norsk og matte, og ut frå den generelle kvaliteten på skulen. Med den generelle kvaliteten meiner Dagbladet kor mykje kommunen bruker på undervisningsmateriell, gjennomsnittleg storleik på grupper i skulen, kor mange elevar som går direkte frå grunnskulen til vidaregåande, gjennomsnittlege gruppepoeng, kor mange lærarar som har fagutdanning og korleis stoda er med mobbing i skulen.

Dei kommunane som kjem best ut er forholdsvis små kommunar, medan beste bykommune er Kongsberg på 63. plass.

Her er topp 10:

1. Stordal
2. Bykle
3. Granvin herad
4. Luster
5. Kvalsund
6. Leikanger
7. Høylandet
7. Balestrand
9. Jondal
10. Tydal

Store byar som Oslo, Bergen og Trondheim finn du på høvesvis 220. , 178. og 221. plass. Heilt på botn ligg Hattfjelldal kommune i Nordland.

Dette er dei 10 kommunane med dårlegast grunnskuletilbod:

395. Sokndal
396. Råde
397. Bø
398. Hurum
398. Verran
400. Rælingen
400. Andøy
402. Eide
403. Nordkapp
404. Hattfjelldal

HER KAN DU FINNE LISTE OVER ALLE KOMMUNANE.