– Mangelfulle kontraktar for sommarvikarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge får ikkje kontrakt

Karina Kjelby (16) har eit skilt på brystet med påskrifta «opplæring». Det er hennar andre dag i sommarjobben på Narvesen. Med unntak av noko gardsarbeid for slektningar, er dette hennar fyrste sommarjobb.

Manglar kontrakt
LOs sommarpatrulje tek sommarvikaren med ut for å spørja om arbeidsvilkår.
 
– Har du kontrakt? spør Elise Dåvøy, fagleg ungdomssekretær i LO Hordaland.
 
Kjelby har ikkje det enno.
 
– Kor lenge skal du jobba? fortset Dåvøy.
 
– To veker, svarar Kjelby.
 
Lone Lunemann Jørgensen, ungdomstillitsvald i Sunnhordland LO og Fellesforbundet, noterer ivrig på eit skjema.
 
Pausetid
Har ein sommarjobb i meir enn ein månad, har arbeidsgjevar ein månad på seg til å skaffa kontrakt. Har ein sommarjobb for ein kortare periode, slik som Kjelby, skal kontrakten underskrivast med det same. Karina Kjelby skal få sin kontrakt dagen etter, det har ikkje vore høve tidlegare.
 
– Kor lange arbeidsdagar har du?
 
– 11 til 15.
 
–  Får du pausar?
 
– Ja, eg får pause når eg treng det, forsikrar Kjelby.
 
–  Kva får du i løn?
 
– Det har eg ikkje spurt om enno, svarar sommarvikaren.
 
LO ser deg
 
På to dagar har sommarpatruljen vore innom dei fleste butikkane på Amfisenteret og Heiane storsenter, no står butikkane i Borggata for tur. Nokre arbeidsplassar på Bømlo og Fitjar, får og besøk i desse dagar.
 
Patruljen fokuserer på butikkar, i tillegg til hotell- og serveringsbransjen.
 
Det er i desse bransjane ein finn flest brot, særleg hotell- og serveringsbransjen kan ha svart arbeid, lange arbeidstider og mangel på overtidstillegg.
 
– Dei fleste sommarvikarane har kontraktar, men dei er gjerne mangelfulle, fortel Dåvøy.
 
Kontraktane kan mangla informasjon om kor stor stilling arbeidstakarane har, avtale om overtidsbetaling og nokre er ikkje oppdatert etter at stillinga har endra seg.
 
Kontrakt på staden
I bransjar med mykje gjennomtrekk av arbeidstakarar finn ein ofte brot.
 
Eit ekstremt tilfelle var ein arbeidstakar, som hadde vore tilsett i tre år, utan kontrakt.
 
– Det hender at sjefen kjem springande med kontrakten medan me er der, smiler Lunemann Jørgensen.

– Då ser ein at dette arbeidet hjelper, legg ho til.
 
Informasjonsarbeidarar
Sommarpatruljen driv med opplæring, i tillegg til å henta inn informasjon om arbeidsforhold.
 
– Få sommarvikarar er klar over kva dei faktisk har rett på, konstaterer Dåvøy.
 
Utsendingane frå LO skulle gjerne sett at det var meir fokus på rolla som arbeidstakar, i skulen. Dåvøy og Jørgensen meiner at det hjelper å snakka med sommarvikarane om rettane dei har.
 
–  Det kjem stadig nye folk ut i arbeidslivet, difor er arbeidet vårt ein kontinuerleg prosess, seier Dåvøy.

LES HEILE SAKA I SUNNHORDLAND

 

HAR DU FÅTT KONTRAKT SOM REGULERER SOMMARJOBBEN DIN? BRUK KOMMENTARFELTET!