Politiet bryt lova

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politi.no har ingen eigen nynorsk versjon, noko som er i strid med Mållova.. Den seinaste undersøkinga er frå 2010, og den viser at 11,5 prosent av det redaksjonelle innhaldet på www.politi.no er på nynorsk. Sjølv om det er betre enn dei målte 5,9 prosent frå 2009, er det langt frå kravet om minst 25 prosent.

– Dette er vi ikkje nøgde med, men det viser ei positiv utvikling frå 2009. Målet vårt er sjølvsagt at minst 25 prosent av innhaldet på vår nettstad skal vera på nynorsk, det jobbar vi målretta for å oppnå. Me har til dømes omsett ein del fast informasjon til nynorsk, og freistar å publisera fleire brosjyrar og liknande på både nynorsk og bokmål, skriv førstekonsulent Nina Card ved kommuniksjonsavdelinga i Politidirektoratet til Framtida.no i ein epost.

Svarar på tiltale
Heller ikkje Riksadvokaten slepp unna brot på Mållova. Statsadvokatane på Vestlandet har ikkje epostadresser på nynorsk, og nettsidene deira har lite nynorsk. 4,2 prosent nynorsk var talet i 2009.

Eva Furua er administrasjonssjef hjå Riksadvokaten. Ho held akkurat på å skriva svar på ein klage på manglande etterleving av Mållova då me ringjer.

– Tar de Mållova på alvor?

– Sjølvsagt. Me prøver å gjera det me kan. Me svarar på nynorsk når me får brev på nynorsk, og me prøver å variera mellom nynorsk og bokmål når me skriv til dømes på nettsidene våre. Me prøver også å forbetra oss.

– Slår i augo
Språkrådet overvakar kor gode eller dårlege direktorat og etatar er på å oppfylla Mållova. Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen seier det er uheldig at Politidirektoratet og Riksadvokaten ikkje oppfyller krava i Mållova.

LES OGSÅ: Mistenkeleg gode i nynorsk

– Men det er like uheldig at andre statlege organ ikkje klarar å følgja Mållova, understrekar han.

– No kan ein kanskje seia at organ med så mange juristar skulle ha kompetanse nok til å vera i stand til å skjøna Mållova. Men det er heller ikkje vanskeleg å skjøna Mållova. Difor burde det også vera kompetanse nok i dei andre statsorgana. Me får berre konstatera at dei bryt lova, sjølv om det slår ekstra i augo når det er dei som har med handheving av lovene gjer det, legg språkdirektøren til.

Arnfinn Muruvik Vonen legg til at Språkrådet tilbyr språkkurs for å gjera forvaltninga i stand til å følgja Mållova.

– Me oppfattar ein positiv vilje blant statsorgana om å følgja Mållova, men det må også til eit systematisk medvitsarbeid for å klara å følgja lova, seier han.

Språkrådet la i dag fram ein rapport som viser at få departement følgjer opp språkpolitikken.

Har hatt over 126 år på seg
Justis- og politidepartementet passar til vanleg på Politidirektoratet og handheving av lovene i Noreg, slik den lovgjevande forsamlinga, altså Stortinget, har fastsett dei. Stortinget vedtok jamstilling mellom nynorsk og bokmål for 126 år sidan. Lov om målbruk i offentleg teneste, det som blir kalla for Mållova, er frå 1980. Sjølv om dei har hatt god tid på seg viser tal frå Kulturdepartementet at Justisdepartementet likevel er blant dei dårlegaste i klassen på å følgja Mållova.

I 2010 var nynorskprosent hjå JD berre 10,9 prosent av alle Stortingsskriv, noko som er 4,2 prosentpoeng dårlegare enn året før.

– Justisdepartementet arbeider kontinuerleg for å nå målsetjinga på 25 prosent nynorsk i offentlege dokument. Vi har ikkje nådd målet med 25 prosent nynorsk i stortingsdokument, men i 2010 vart 26,4 prosent av alle korte offentlege dokument på mindre enn 10 sider i Justisdepartementet skrivne på nynorsk, skriv kommunikasjonsdirektør Gunnar A. Johansen i Justis- og politidirektoratet til Framtida.no i ein epost.

– Kva gjer departementet for å bli betre?

– For å nå krava i mållova i andre offentlege dokument blir som hovudregel utlysningar av ledige stillingar skrive på nynorsk. Resultatet vart i 2010 på 91,5 prosent. Vidare vart 21 prosent av alle våre nyhende- og pressemeldingar i 2010 skrivne på nynorsk. Leiinga i Justisdepartementet har sett i gang tiltak for å auke prosentdelen i stortingsdokument. Tiltaka skal bidra til at Justisdepartementet når krava i Mållova, skriv han vidare.