Harmoniske unge på landsbygda

Ungdomane som i framtida vil bu på bygda, er meir harmoniske og opplever det som meir stimulerande enn ungdomar som vil bu i byen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Harmon- iske unge på lands- bygda

Det viser ei undersøking som Ungdomsbarometeret har gjort for det svenske Jordbruksverket.

Enkelte av analyseresultata viser at ungdomar som i framtida vil bu på bygda, opplever mykje meir av det som skjer i omgjevnadene sine som stimulerande enn ungdomar som vil bu i byen. Dei er også mindre stressa og kan ganske enkelt kunna seiast å vera meir harmoniske.

Fleire jenter enn gutar
Interessa for å bu på landet aukar med alderen, og blant dei interesserte er det fleire jenter enn gutar. Det stadfestar tidlegare undersøkingar. Men viljen til å bu på landsbygda er størst blant dei som alt bur der i dag.

LES OGSÅ: – Bygda er den nye Grünerløkka

– Analysen har også gjeve oss heilt ny innsikt, for eksempel at dei unge som vil bu på landet, opplever færre stressande faktorar i livet sitt, seier Johanna Nilsson i Jordbruksverket til jordbrukstidsskriftet ATL.

Prestisje for byungdom
Når det gjeld framtidig yrkesval, viser analysen at dei som i framtida vil bu i eit byområde, er meir interesserte i karriere og meir prestisjefylte yrke med mykje merksemd enn dei som vil bu på bygda.
I alt 11.000 ungdomar mellom 15 og 24 år har svara på spørsmåla som ligg til grunn for analysen. (©NPK)

Trur du bygdeungdom er meir harmoniske?