Dette er dei nye valfaga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valfaga på ungdomstrinnet skal gradvis innførast frå skuleåret som startar hausten 2012, og to skuletimar i veka skal brukast på desse faga.

Gjeninnføring av valgfag for alle elevar var eit hovedpunkt i stortingsmeldingen om ungdomstrinnet som regjeringa presenterte i slutten av april. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er trygg på at dette vil bli godt motteke ute på skulane:

– I forkant av ungdomstrinnsmeldinga mottok eg fleire tusen tilbakemeldingar frå særleg elevar og lærarar. Ynskjet om gjeninnføring av valfag i ungdomsskulen var eit nestan samrøystes krav fordi større høve til å velja og variasjon aukar motivasjonen til elevane for å læra. Dette blir òg stadfesta av forsking, seier Halvorsen.

Det skal etter kvart bli 12-13 fag å velje mellom, og det er dei åtte første som no er klare.

Meir praktisk
Kristin Halvorsen meiner dette utvalet gjev spennande tilbod for alle elevar:

LES OGSÅ: Dette er Noregs beste ungdomsskule

– Valfaga skal dessutan innfri ein annan sentral målsetting frå ungdomstrinnsmeldinga, nemleg å gje elevane høve til å arbeide meir praktisk. Dette står ikkje i motsetnad til dei faste faga. Tvert om gir valfaga erfaring og kunnskap som òg undervisinga i andre fag vil dra nytte av, seier Halvorsen.

Krev fleire lærarar
Ho understrekar at valfag vil krevja fleire lærarar fordi elevane vil arbeida i mindre grupper.

– Dette har ein kostnadsramme på nær 500 millionar kroner årleg, og desse midla vil kome, seier kunnskapsministeren.

Det første skuleåret vil faga gjelda alle elevar på 8. trinn, frå hausten 2013 både 8. og 9. trinn og frå hausten 2014 alle tre trinn i ungdomsskulen. Valfaga får ei ramme på 57 timar per skuleår, som i praksis tilsvarar 1,5 klokketimar per veke, eller to vanlege skuletimar.

Faktaboks

DETTE ER DEI ÅTTE VALFAGA:

1) Produksjon for sal og scene
elevane skal setja opp ei førestelling eller lagA ein film/video.

2) Produksjon av informasjon
elevane skal laga og drifta ei nettbasert skuleavis.

3) Produksjon av var og tenester
elevane skal produsera og tilby konkrete produkt eller tenester.

4) Fysisk aktivitet og helse
elevane skal utforske eigne fysiske føresetnader og bli medvite tilhøvet mellom fysisk aktivitet, kosthald og helse.

5) Designar og redesign
elevane skal utvikle kreativitet, åndsverksferdigheter og miljøbevissthet.

6) Forsking i praksis
elevane skal utvikla analytiske, faglege og formidlingsevner gjennom forskningsprosjekt på sjølvvalgte tema innan faga til skulen.

7) Internasjonale kontaktar
elevane skal etablera kontakt med ungdom i andre land for å utveksla røynsle om tema innanfor RLE og samfunnsfag.

8) Teknologi i praksis
elevane skal utvikla teknologisk kunnskap gjennom å konstruera og framstilla gjenstandar ved hjelp av varierte material og teknologiske løysingar.