Rekrutterer studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tida framover skal dei unge studentane jobba med å utvikla nye løysingar som samlar og gjer offentlege data tilgjengeleg for folk.

Største kullet
– Det er tredje året me gjennomfører ein slik camp her. Me starta med å ta inn éin person, i fjor var me åtte og i år har me heile 13 deltakarar. Tolv av dei er frå NTNU i Trondheim, medan ei er frå Universitetet i Bergen. Det er viktig å synleggjera at det er eit spisskompetansemiljø for utvikling her på Leikanger, forklarar campansvarleg Rune Kjørlaug.

Han fortel at campen skal visa at den offentlege sektoren driv med mykje spennande

For andre året
Joakim Aune, Michael Johansen og Håkon Gulbrandsen er sommervikarar her for andre året på rad. Den praktiske læringa lokka dei attende.

– I fjor lærte eg meir om sommaren her, enn kva eg gjorde på eit heilt skuleår. Dessutan er alle her så pratsame og inkluderande her, forklarar Joakim.

– Det me lærer på skulen er ikkje like praktisk retta. Ei slik arbeidserfaring tydleggjer kva faktisk læring kan nyttast til, legg Michael til.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Faktaboks

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal bidra til å fornya offentlig sektor og gjera han effektiv og lettare tilgjengelig.
    Difi skal også medverka til at staten er organisert og leia på ein god måte, med naudsyn samordning på tvers av sektorane.
    Difi kan bistå leiinga i sektorane og verksemder med til dømes rådgjeving, utredninger og evalueringar.
    Direktoratet vart oppretta 1. januar 2008 og består av tidligare Statskonsult, Norge.no og E-handelssekretariatet. Det er også overført enkelte oppgåver og stillingar fra Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
    Difi har tilsette i Oslo og Leikanger.
    (Kjelde: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet)