Varierande overleving på sjukehusa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjerteinfarkt har større overleving enn tidlegare, medan det ser ut til å vere større risiko ved hoftebrot. Det går fram av undersøkingar Nasjonalt senter for helsetenesta har gjort ved tjue helseføretak, inkludert alle somatiske sjukehus, og fire private sjukehus.

Kunnskapssenteret har sett på overlevingstal for hjerteinfarkt, slag, hoftebrot og innleggingar uansett årsak. Dei har rekna ut førebelse overlevingstal for sjukehusa, justert for pasientsamansetjinga og overflytting mellom sjukehus.

– Vi har berekna prognosar for å overleve 30 dagar etter innlegging. Datamaterialet er frå perioden 2005-2009, seier seksjonsleiar Jon Helgeland ved Nasjonalt senter for helsetenesta til nettstaden kunnskapssenteret.no.

Det er tydelege forskjellar mellom høgste og lågaste overlevingsprognose. Sterkast slår dette ut for hoftebrot. Her er det også ein auke i dødsfall blant pasientane, medan det er nedgang i dødsfall for hjerteinfarkt og slag.

Hjerteinfarkt
Seks sjukehus har signifikant høgare overleving enn andre, desse er Feiring, Haukeland, Haugesund, Rikshospitalet, St. Olav og Tromsø. Eitt sjukehus har signifikant lågare overleving, det er Skien.

Hjerneslag
Ingen sjukehus har signifikant høgare overleving enn dei andre sjukehusa. Fem sjukehus har signifikant lågare overleving. Desse er Fredrikstad, Haugesund, Kongsvinger, Rikshospitalet og Skien. Hoftebrot Ingen sjukehus har signifikant høgare overleving enn dei andre sjukehusa. To sjukehus ligg signifikant lågare. Desse er Buskerud og Gjøvik.

Total overleving
Sju sjukehus har signifikant høgare overleving enn dei andre sjukehusa, desse er Aker, Bodø, Bærum, Haraldsplass, Haukeland, Radiumhospitalet og Ålesund.

Seks sjukehus har signifikant lågare overleving, desse er Fredrikstad, Gjøvik, Kongsvinger, Kristiansand, Odda og Volda.

– Det er viktig å understreke at desse tala ikkje eignar seg til å rangere sjukehusa, men kan brukast som screeningverktøy for interne kvalitetsvurderingar i sjukehus, seier Helgeland. (©NPK)