Tankar om språk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det handlar om bevisstgjering kring nynorsk og dialekt, fortel ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.

Seljord vart i 2010 kåra til årets nynorskkommune av Kulturdepartementet. Kommunen har mellom anna utarbeida lokale planar om korleis dei skal drive språkopplæringi skule og barnehage.

– Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn, sa kommunal- og regionalminister Liv SigneNavarsete ved overrekkinga.

Kjerneområde
– Slik er det berre. Det er nynorsk som er målføret i kommunen sin administrasjon og det gjeng greitt, fortel Sundbø Abrahamsen.

– Dei fleste er flinke og nokon må arbeide litt meir, utdjupar ho.

Alle 8 kommunane i Vest-Telemark er nynorskkommune, er av dei nynorske kjerneområde. For Seljord er det viktig med felles språkleg fokus i saman med nabokommunane. Sjølv om nabokommunen i sør, Bø er i ferd med å misse noko av sin nynorske identitet.

– Eg trur nynorsken kan misse fotfestet om ein ikkje har fokus på det, seier Sundbbø Abrahamsen. Seljord byrjar språkarbeidet i barnehagen, mellom anna med aktiv bruk av lokale soge og andre historier.

– Seljord og sogene er viktig, seier ordføraren, og legg til: – For det er jo berre vi som har sjøormen.

Dialekt til konflikt
Det er viktig å ta vare på det me har, seier Sundbø Abrahamsen. Ho tykkjer Seljordingane er flinke til å halde på dialekten, og at det vert sett på som noko positivt.

Kommunen ser fokuset sitt på nynorsk i samanheng med arbeidet for dialekten. Men det er ikkje alltid berre enkelt.

– Det er ei utfordring at slik som ein del be-ord er naturlege i vår dialekt, men ikkje lov å skrive på nynorsk, fortel ordføraren. Ho meiner nynorsken må endre seg, moderniserast og verte lettare tigjengeleg.

Komplisert
– Eg tykte språket var litt komplisert til å byrje med, men det jo ein bra kultur, fortel Julie Eirik Eek i Ungdomsrådet. Ho flytta til Seljord for nokre år sidan.

Ungdommen er opptekne av språk.

– Vi trur alle er stolte av dialekten her, fortel Anne-Merethe Støyle, Silje Østensen og Håkon Høgetvedt i Ungdomsrådet.

– Sjølv om vi snakkar bokmål, så skriv vi på nynorsk, fortel dei. Og ingen av dei har vurdert å skifte frå bokmål til nynorsk.

Men elles i kommunen vert det fleire bokmålselevar i ungdomsskulen, mest grunna netto innflytting.

Ambassadørane
Seljord ser på språk som ein viktig del av identiteten. Og dei tenkjer identitet når dei skal selje seg sjølve.

Seljordingane skal gjerne vera stolte dialektbrukarar, og kanskje språklege ambassadørar.

– Folk som er stolte av språket sitt er så viktig, seier Sundbø Abrahamsen. Ho meiner ambassadørar som Arne Hjeltnes er viktige for nynorsken.

Ordføraren meiner det lyt fokuserast på det positive med nynorsken som skriftspråk.

– Det er eit så mangfaldig, og ikkje minst vakkert språk, seier ho. Og er meir uroa for nynorsken som skriftspråk, enn for dialektbruken rundt om.

– Vi må berre halde fram med å tale opp nynorsken, avsluttar ho.

Kva trur du kan gje endå fleire nynorskbrukarar?