Bryt Kunnskapsløftet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bryt Kunn- skaps- løftet

Fråfallet i den vidaregåande skule held fram. Berre 31 prosent av elevane er på veg mot yrkeskompetanse ved inngangen til 3vg, medan nesten 70 prosent av elevane i studiespesialiserande fag har studiekompetanse innan rekkjevidde. Dette viser ein ny rapport om Kunnskapsløftet, utarbeida av Nifu.

Innan helse- og sosialfag er det klart færre som er på veg mot yrkeskompetanse etter innføringa av Kunnskapsløftet. Rekrutteringa er svekkja. Talet på elevar som går vidare mot fagbrev er redusert med 39 prosent frå 2005- til 2006-kullet.

– Yrkesfaga har ulike utfordringar. Restaurant- og matfag og design og handverk slit med rekruttering. Andre fag, som helse- og sosialarbeiderfaget, røyrleggjarfaget og byggfaga, slit med å få nok læreplassar. Felles er at dei ikkje klarer å oppfylla behovet i arbeidsmarknaden for kvalifisert arbeidskraft i korkje privat eller offentleg sektor, seier Nils Vibe, ein av forskarane i rapporten til Aftenposten.

LES OGSÅ: – Skulen må bli meir praktisk

Kunnskapsløftet gjev elevane valet mellom 12 utdanningsprogram som til saman inneheld 60 programområde. Mange av bransjeforeiningane i næringslivet meiner inngangane i yrkesfaga er for breie. I løpet av dei to første åra får elevane smakebitar frå faga, og resultatet er at dei har for lite kunnskap til at bedriftene ser noko vits i å oppretta læreplassar.

Kva meiner du skal til for å få ned fråfallet i vidaregåande?