Frukost og musikalar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Ung i Midtdalen” har ei kulturveke med mangslunge aktivitetar, frukost og middag på skulen, skyss heim og regional påverknad. Sjølv om tilbakeflytting og rusførebygging ligg i bakgrunnen, er det viktigaste å skape aktivitet for ungdommen i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron.

Det er mange slike prosjekt i distrikts-Noreg. Med mekkeverkstadar og kulturarrangement skal ungdom få positive relasjonar til regionane sine, og kanskje finne vegen heim.

Andre utfordingar
– Kulturvikkua er hovudsatsinga vår, fortel prosjektleiar Mari Grasbakken. Dette er ei veke der ungdom får prøve fritidsaktivitetar, som ikkje finst i regionen til vanleg. Veka får og med seg elevane, som ikkje er med på organiserte fritidsaktivitetar.  

– Ofte er det dei mindre aktivitetane dei viktigaste, seier Grasbakken.

– Ein middag for hybelbuarar, kan vera like viktig som paintball under Kulturvikkua.

Ungdommar midt i Gudbrandsdalen, har i nokon grad andre utfordringar enn ungdom på Lillehammer eller i Bærum.

– Det er langt overalt, skyss er viktig og vi kan få deg om lag der du vil for ein 50-lapp, fortel Grasbakken.

Prosjekthysteriet
Som mange av dei andre ”Ung i”-tiltaka, er ”Ung i Midtdalen” framleis eit prosjekt. Ein dag tek prosjektmidlane frå mellom anna Oppland Fylkeskommune slutt. Mari Grasbakken har flytta kontor frå Vinstra vidaregåande skule, og til kommunehuset i Nord-Fron kommune. Ho trur det er eit steg mot ei varig ordning.

– Uansett kva form vi får i framtida, er det viktig at vi held på nettverket blant ungdommen og maktar å vera fleksible, fortel Grasbakken.

Musikalar og rafting
Mange regionar har utvikla ungdomsprogram, som Ung i Nordland og Ung i Nord-Trøndelag, som er på fylkesnivå. Ung i Valdres, og Ung i Gjøvik er tilsvarande tiltak på regionnivå i Oppland.

Bente Noreng Holden er dagleg leiar for ”Ung i Valdres”, som er av dei eldste i ungdomsprosjektklassen, og kan trekke linjene tilbake til 1999.

– Prosjektet starta som eit hybelbuarprosjekt, vart viktig for større delar av ungdomsgruppa, og har seinare inspirert dei andre ungdomsprosjekta, fortel Noreng Holden. For ”Ung i Valdres” er lokomotiva Fjelleik, og ein årleg musikal. Over 100 Valdresungdommar har sett opp Grease, Hair, og Bør Børson Jr. Med Fjelleik får ungdommen aktivisert seg gjennom friluftsliv og ekstremsport, over brear, i kano, eller i ei enorm huske på skuleområdet.

Berre dei flinke?
Ein kan tenkje at prosjekta berre plukkar opp dei ”ressurssterke” i ungdomsgruppa,  dei som alltid sit i elevrådet eller dansar fremst på scena.

– Dette er alltid ei utfordring, fortel Mari Grasbakken i ”Ung i Midtdalen”.

– Men det regionale ungdomsrådet er veldig flinke til å ta med seg resten av ungdomsgruppa, og når 750 ungdommar frå 10. klasse og ut vidaregåande har vore med på ein eller annan aktivitet, er vi nøgde med det, held Grasbakken fram.

– Alle meistrar det dei er med på i ”Ung i Valdres”, og ein gjer det bra når ein driv med noko ein likar, seier Bente Nordli Holden i Valdres.

– Målet vårt er å aktivisere 80 prosent av elevgruppa, men vi er nøgde med 60-70 prosent.

Søkjer spenning
– Eg trur ”Ung i Midtdalen” betyr kjempemykje for heile ungdomsgruppa, fortel Therese Øybrekken. Ho har vore med på mange aktivitetar, og sitte i utval i prosjektet.

– Eg trur prosjektet har ein særs viktig funksjon med å hindre drop-out, og gjer vegen frå 10. klasse til ungdomsskulen mykje lettare.

– ”Ung i Midtdalen” er absolutt ein arena der vi føler at vi får gjennomført ting, og det er flott å ha ein slik arena for å kunne dra i gong nye aktivitetar, seier Øybrekken.

– Eg søkjer spenning gjennom Fjelleik, til dømes med å hoppe i strikk,  seier Ragnhild Ueland. Ho har vore med på med på den delen av ”Ung i Valdres” alle åra på vidaregåande. Fyrstehjelp, skredkurs, klatring og sikring, er noko av det ein kan lære gjennom fjelleik forklarar ho.

– Alle kan vera med på Fjelleik, men kanskje folk treng å verte dratt med, fortel Ueland.

– Det er i alle fall så moro, og ein får heilt fantastiske opplevingar, avsluttar ho.