Forsøket som gjekk feil er no kåra til viktigaste oppfinninga i Noregshistoria!

mm
Faktaboks

Les meir på Wikipedia!

Noregs viktigaste oppfinningar
1. Kunstgjødsel
2. Bindersen
3. Røntgenkontrastvæske
4. Gassturbinen
5. Ostehøvelen
6. Sprayboksen
7. Rottefella skibinding
8. H-vindauget
9. Troll A-plattforma
10. Tripptrapp-stolen

LES FAKTALUKK FAKTA

Kunstgjødsel er kåra til Noregs viktigaste oppfinning. Kåringa er gjort i regi av patentstyret og NRK.

Sidan 2. juni har det vore mogleg å stemme på Facebook-sidene til Patentstyret, sende sms-ar til Nitimen i NRK og ved å gå inn på nettsidene til NRK.

Starta Norsk Hydro
I 1903 klarte fysikaren Kristian Birkeland og gründeren Sam Eyde å produsere nitrogenoksid frå luft ved bruk av elektrisitet i industriell skala. Målet var å bruke nitrogenoksid for å lage salpetersyre som tilsetjingsstoff til gjødsel. Metoden vart ferdig utvikla i 1904 og vart først teken i bruk ved A/S Notodden Salpeterfabrikker i 1905. Den danna grunnlaget for Norsk Hydro og har hjelpt verda å produsere meir mat.

– Dette viser at folk flest kan forhalde seg til oppfinningar som er relativt teknisk kompliserte. Kombinasjonen av kreativitet, kunnskap, prøving og feiling er kort og godt imponerande i dette tilfellet. Ein verdig vinnar, seier Jacob Calmeyer frå Patentstyret til NRK.no.

Forsøket som gjekk gale
Calmeyer fortel at historia til kunstgjødselet starta med eit feilslått eksperiment med ein elektrisk kanon i festsalen på det gamle universitetet i Oslo, der Kristian Birkeland var professor i fysikk.

– Eksperimentet gjekk gale, men det han kom fram til viste seg å ha utruleg potensial i andre samanhengar. Han fann fram til ein kjemisk prosess som, enkelt sagt, henta nitrogen frå lufta, bearbeida det og fekk det ned i jorda.

I dag er det andre mindre energikrevjande metodar som blir brukte i framstillinga av kunstgjødsel. Den såkalla Oddaprosessen er no brukt av Yara.

Andre kandidatar
Dei andre oppfinningane som var med i kåringa var H-vindauget, binders, ostehøvelen, skibindingen Rottefella, Tripp-trapp-stolen, gassturbinen, sprayboksen, røntgen-kontrastvæska, Troll A-plattforma, granatharpunen, holkortmaskina, Krag-Jørgensen-geværet, Ugelstad-kulene, påhengsmotoren og Tomras panteautomat.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE