Seier Hanne Maren Blåfjelldal, som har flytta til Vågå for å lage Noregs beste skule.

Hanne Maren Blåfjelldal gjekk frå ein kvardag i korridorane på Stortinget som politisk rådgjevar for Stortingsgruppa åt FrP, til uteskule og nynorsk i Vågå. No går dagane til å seie hei til alle ho treff, blogge om politikk og caffe latte, og så lage Noregs beste skule.

Aha-opplevingar
Hanne kjem sjølv frå distriktskommunen Sør-Aurdal i Valdres.

– Eg trur det kan vera ein fordel å kome som innflyttar, heller enn tilbakeflyttar, seier Hanne.

– Her hadde eg ingen gamal vennegjeng frå skuledagane, og heller ikkje like mange fordommar mot folk.

– Eg var nøgd til å verte kjend med nye folk frå fyrste dag.

Hanne har ein master i samfunnsgeografi, og undervisar som lektor. I tillegg til å drive prosjektet ”Noregs beste skule”.

– Eg har fått ein del aha-opplevingar i lærarrolla, fortel Hanne.

– At ein faktisk vert glad i alle elevane sine, eller at alle har det veldig travelt , og spring overalt, seier ho.

Blåfjelldal trur det er lett å verte fanga av systemet når ein er lærar, med læreplanar og fristar.

– Det viktigaste er jo at elevane lærer, seier ho.  

Singel på bygda
Hanne flytta på bygda som singel og barnlaus.

– Ting er veldig familiebasert her. Folk går frå kontoret klokka halv fire for å hente i barnehagen. Men ho likar seg godt i Vågå, og bloggen hennar har undertittelen, Mitt liv som bygdetulling.

– Folk er jo litt sjenerte, så det er viktig å smile og helse på folk, seier Hanne. Som meiner det å gå rundt å seie – hei, er eit godt tips for å trives på bygda. Elles er gode møteplassar viktig, og i Vågå kan ein faktisk gå på pub til pub – runde.  

Målrørsle og høge helar
Nokre ting forandrar seg, andre gjer det ikkje, når ein flyttar frå hovudstaden og ut på bygda.

– Vi er faktisk to som brukar høge helar på kommunehuset, ler Hanne.

Sjølv om sko-vanane ikkje forandra seg då Hanne flytta til bygda, var det andre ting som gjorde det, som forholdet til nynorsk.

– Eg er jo veldig glad i nynorsk, så no har eg byrja bruke det også utanom jobbsamanheng. Hanne har til og med vorte medlem av mållaget Ivar Kleiven.

– Det er jo veldig koselig, eg får buttons og greier, fortel ho.

Sentralstyremedlem
For Hanne har livet handla mykje om politikk, som fylkestingsrepresentant i Oppland og stortingskandidat, for FrP. Ho gjekk rett frå Blindern, og til ei stilling som politisk rådgjevar for stortingsgruppa.

– Når jobb, vener og fritid er politikk, så kan ein verte litt robot av det, seier Hanne.  

Sjølv om ho ikkje saknar dagane som heiltidspolitikar, er framleis politikken viktig for Hanne, og ho vart  nett vald som sentralstyremedlem i FrP.

– Eg kan eg nok ta med meg eit litt anna perspektiv inn på den arenaen, seier Hanne. Ho er den einaste i sentralstyret som ikkje er politikar på heiltid.

– Det er fantastisk å sette vedtak andre har fatta ut i livet, for i politikken vert det jo fort mykje prat, avsluttar ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE