– Kampen er over

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bokmålet vann

– Kampen mellom nynorsk og bokmål er over. Bokmål vann. Nå har bokmålsbrukarane råd til å vere sjenerøse, seier Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, til Klassekampen. Språkråd-direktøren er ikkje heilt samd i dette.

Då nynorsk blei brukt av opp mot 40 prosent av befolkninga i Noreg var kampen mellom bokmål og nynorsk hardare.

– Den gongen var det ein annan situasjon. Nå har nynorsken tapt som eit breitt riksspråk, seier Svein Gjerdåker, som er redaktør for ei vekeavis som er redigert på nynorsk.

Medan forfattarar og andre medlem av den såkalla kultureliten gjerne bruker nynorsk, er det framleis brei motstand mot sidemålet i store delar av den bokmålsskrivande befolkninga.

LES OGSÅ: – Tilbakeståande bavianskalle

– Nynorsk er eit levande og vakkert språk, men når vi slit med at vi ikkje har så mange lesarar som vi skulle ønskje, er nok ein av grunnane at mange utdefinerer nynorsken, trur Dag og Tid-redaktøren.

Ukeavisa Dag og Tid har eit opplag på 8.500, medan konkurrenten Morgenbladet, som er redigert på bokmål, har eit opplag på 25.000.

Nybakt direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, går ikkje med på at kampen mellom målformene er over. Men han trur kampen kan ha tatt ein annan form enn tidlegare.

– Sånn som eg oppfattar det, er kampen mindre hissig nå. Det er ikkje eit teikn på at bokmål har vunne. Det har mellom anna å gjere med at politikarane har lagt til side ambisjonen om at dei to målformene skal bli til éin, seier han.

LES MEIR: Milevis unna nynorskkrav

Vonen meiner vi har falle litt meir til ro med to ulike målformer.

– Får ein kulturelle og intellektuelle ekstrapoeng av å bruke nynorsk, spør Klassekampen-journalist Ida Karine Gullvik.

– I nokre samanhengar kan det kanskje vere tilfelle. Å velje mindretallsformen vil for nokre vere eit uttrykk for at dei ikkje bare følgjer straumen. Det å bruke nynorsk kan tolkast som eit signal på at ein har eit reflektert forhold til sitt eige språk og på den måten gi kulturell «kred», svarer Språkråd-direktøren.

LES SAKA PÅ LNK.NO!

Kva meiner du? Er målstriden over?