Halvparten selde alkohol til mindreårige

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten selde alkohol til mindre- årige

Før jul gjekk ungdomar mellom 14 og 16 år inn i 295 dagligvarebutikkar over heile landet for å teste om dei fekk kjøpe alkohol. Det fekk dei i halvparten av butikkane. 141 butikkar selde øl, rusbrus eller cider til ungdomane.

Det er ansvaret til kommunane å kontrollere at dei ikkje sel alkohol til mindreårige. Adrian Farner Rogne i Juvente meiner kontrollane til kommunane er for dårlege og at kommunane må bli strengare overfor butikkar som bryt lova.

For å få slutt på alkoholsalet til mindreårige må kommunane ta av seg silkehanskane. Dei må skjerpe kontrollane av butikkane og inndra løyvet når ein butikk blir teke i å selje alkohol til mindreårige, seier han.

– Regjeringa kasta òg frå seg eit høve til å ta tak i dette då dei gjorde ein revidering av alkohollova i vår. Eg håpar helseministeren no vil byrje å stille krav til kontrollane til kommunane. Det er ikkje bra at halvparten av butikkane slurvar med alderskontrollen, seier han i ei pressemelding.

Dårlegare enn 2009
Skjenkekontrollen er ein årleg aksjon som blir gjennomført av ungdomsorganisasjonen Juvente. I årets aksjon deltok over 60 mindreårige kontrollørar alderen 13 til 16 år. Aksjonen har vore gjennomført i fire år.

LES OGSÅ: Drikk mindre når foreldra set grenser

– Om ein skal samanlikna årets tal med tal frå tidlegare år ser ein at det er ganske stabilt. Kvart år sel mellom 40 og 60 prosent av butikkane alkohol til mindreårige. I 2009 selde 43 prosent av butikkane til mindreårige, medan i 2010 var talet 58 prosent. Årets tal er heller ikkje noko å juble over, når halvparten av alle butikkar som vart testa faktisk bryt lova og sel til mindreårige. Det er eit alt for høgt tal, seier Rogne.

Realistiske kontrollar
Kontrollane har føregått ved at ein mindreårig ungdom, i hovudsak mellom 14 og 16 år gammal, har gått inn i ein butikk, plukka med seg alkoholholdig drikke og ein annan ordinær daglegvare, og prøvd å få betale for det i kassa.

Viss kontrollørane har blitt spurt om legitimasjon, har de svart «Det har eg ikkje. Kan eg kjøpe likevel?», og om det enno vart nekta sal, forlate butikken. Viss dei får kjøpe, forlèt dei butikken og forsøket blir registrert som «sal».

Juventes kontrollørar freistar ikkje å fremstå eldre enn dei er, til dømes ved bruk av sminke eller ved å veifte med bilnøkler, eller ved å kjøpe «voksenting» som bleier eller liknande. Kontrollørane bruker aldri falsk legitimasjon.

Er det på tide med strengare tiltak mot butikkar som sel til mindreårige?