Flyttar til Sogndal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan har stadig fleire utan tilknyting til kommunen flytta dit for å skape sine eigne arbeidsplassar.

 Ein av dei unge mennene som valde å flytte til Sogndal i 2008, er Halvor Gregusson frå Kristiansand. Han og ein kamerat gjekk på entreprenørskule under studietida i Trondheim. Entreprenørskulen hadde eit samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

– Den daglege leiaren for Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane presenterte regionen for oss på entreprenørskulen og inviterte oss til å kome på besøk til Sogndal for å sjå korleis det var. Etterpå tenkte vi at vi kunne prøve å flytte dit nå som vi er unge, og sjå om vi ville trivast, fortel Gregusson.

Dét gjorde dei. Med i flyttelasset var bedrifta Yast, som blei starta under studietida. Yast AS er eit programvareselskap som har utvikla eit enkelt system for timelisteføring som i dag har over 20.000 brukarar verda over. Løysinga er både nett- og mobilbasert, og er lansert på den globale marknaden.

Ingen bygdedyr
– Vi har ikkje angra på at vi valde å flytte hit. Vi har blitt godt mottekne. Bygdedyret har vi ikkje sett så mykje til, slår Yast-gründaren fast.

Då Yast starta opp i Sogndal, fekk dei støtte frå både Innovasjon Noreg, eit lokalt sparebankfond, Sogn og Fjordane Fondet, og frå private aktørar.

LES OGSÅ: Slik skal fleire unge lokkast

– For å sørgje for utvikling i ein kommune er det viktig at den private kapitalen i kommunen går inn i lokal næring i staden for til eit kva som helst selskap på børsen. Det er viktig å aktivere kapitalen der han er, meiner Gregusson.

Historia til Yast og Jørgen Borgesen, Håvard Halvorsen, Halvor Gregusson og Jørn Sandvik Nilsson blei byrjinga på eit lite nærings- og tilflyttingseventyr for Sogndal.

Stor tilflytting
– Vi har stor tilflytting til kommunen, og etter at Yast etablerte seg her for tre år sidan, ser vi at stadig fleire flyttar til Sogndal for å starte si eiga bedrift. Eg trur det miljøet vi har i Sogndal, er tiltrekkjande for unge etablerarar, seier dagleg leiar i Sogn Næring, Wilhelm Tangerud.

Noko av det han trur er med og gjer miljøet tiltrekkjande, er naturen rett utanfor stovedøra og klatre-, topptur- og skihøva som finst i nærleiken. Kommunen har også eit levande kulturmiljø med konsertar og arrangement.

– Det er likevel ikkje nok å berre kunne tilby tilflyttarane våre desse høva og miljøa. Vi må ha arbeid og bustad til dei, også. Det jobbar vi medvite med å leggje til rette for. Vi har mellom anna eit godt samarbeid med nabokommunane Luster og Leikanger i høve arbeidsplassar, fortel Tangerud.

Dei største bidragsytarane på næringsfronten i Sogndal kommune er Lerum, Sogndal Fotball og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ungt miljø
– Lerum har vore med på å sørgje for utvikling i Sogndal, mellom anna ved å jobbe for å opne Sogndal mot Bergen og Oslo med betre vegar. Sogndal Fotball er den største kanalen vi har for marknadsføring både innanfor og utanfor kommunen. Høgskulen er ein stor arbeidsgjevar, og samstundes gjer 2000 studentar noko med ei bygd. Kvar fjerde person du møter på gata, er student. Det unge miljøet studentane skapar, syter også for å gjere oss tiltrekkjande for tilflyttarar, slår næringsleiaren fast.

LES OGSÅ: Knuser myten om heimatt-tenking

Tangerud kan fortelje at det skal byggjast eit nytt kjøpe- og bustadsenter i Sogndal, og at det allereie eksisterande kjøpesenteret planlegg ei stor utbygging.

– Handelslekkasjen vi har til Førde og Sunnfjord, har blitt vesentleg mindre. Det skjer mykje positivt i kommunen, og då er det hyggeleg å vere i min jobb. Vi har likevel eit stort potensial som vi må stå på for å utnytte, sluttar Wilhelm Tangerud.

LES SAKA PÅ LNK.NO!