Knuser myten om heimatt-tenking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knuser myten om heimatt- tenking

Det meiner Svein Arne Skuggen Hoff, Roar Werner Vangsnes og Steinar Fredheim.

Torsdag inviterer Distriktssenteret i samarbeid med fylkeskommunen til dialogseminar der rekruttering og kompetansearbeidsplassar er sentrale stikkord. Bakgrunnen er tre nye rapportar som Distriktssenteret har fått på bordet.

Myteknusar
Den eine rapporten tek føre seg effekten av regionale traineeprogram, og konklusjonen gir grunn til ettertanke. Evalueringa syner at tiltaket har effekt for høgt utdanna, for samarbeidet mellom bedrifter og for omdømet til regionane som er med.

LES OGSÅ: Vil la ungdom byggja i strandsona

– Og den knuser myten om at det er lettare å rekruttera ungdomar attende til heimtraktene, framfor å satse på nytilflytta, seier Roar Werner Vangsnes ved Distriktssenteret.

Tenkja nytt
Rapporten syner tydeleg at den som har lukkast best med å få traineeane til å bli, har blikket retta mot kompetanse, og ikkje på heimattflytting.

Det meiner aktørane bak dialogseminaret er viktig å ta med seg i den vidare debatten. For den vil koma.

– Å satsa på folk som bur her og ynskjer å flytta hit fordi dei er tiltrekt av verdiane her og måten å leva på, er betre enn å jobba mot å få utflytta heim att, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Sikkert litt provoserande for kommunane som vertskap og tilretteleggjar.

– Jobben inn mot arbeid og fritidsmiljø må triggast. At kommunane har denne faktoren med seg inn i biletet er viktig, seier Vangsnes.

Positivt
Fylkesdirektøren klikkar fram Fylkesspegelen og viser tabellen over utflytting og tilflytting dei tre siste åra. Den viser at Sogndal og nabokommunane har hatt ei svært positiv utvikling.

LESARKOMMENTARAR: Tilbake til 2020

– Eg trur Sogndal har gjort noko positivt. Kanskje er det fjellsport, kanskje noko anna. Dette må kommunen gripa tak i, finna ut meir av, og byggja vidare på, meiner Skuggen Hoff.

Dokumentasjon
Dagleg leiar for Distriktssenteret Sogndal, Steinar Fredheim, meiner at vertsrolla ikkje blir utført bevisst nok.

– Her ligg det ei stor utfordring, seier han, og viser til konklusjonane i ein annan fersk rapport.

LES OGSÅ: Distrikta tapar kampen om nyutdanna

– Når det gjeld utfordringar og strategiar i rekruttering av arbeidskraft er det for lite dokumentasjon av kva effektar tiltaka har hatt. Med få unntak gjer verken dei som finansierer tiltak, eller gjennomfører tiltak, noko for å dokumentera effekten av arbeidet. Dette bør vera eit tankekors, meiner Fredheim.

Det unike
Dei tre har følgjande råd til korleis vertskapsrolla bør og kan utviklast: Trivsel, tenkja nytt, vera konkret planleggja langsiktig og få tak i det spesielle og unike ein vil prioritera.

– Arbeidssøkjande forventar at basistilbod som barnehage, opplæring og helse er på plass, og ser etter andre verdiar i kommunen. Her kjem trivsel og det å ta vare på innbyggjarane ein alt har inn. Det er viktig å finna fram til det unike med kommunen sin og vera villige til å bruka dette i det vidare rekrutteringsarbeidet.

LES SAKA I SOGN AVIS!