Kardemommekommunen

Er Vågå Gudbrandsdalen sitt svar på Kardemommeby? Dei trur i alle fall på livskvalitet som beste form for næringsutvikling.

 

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kardem- omme- kommune

 – Du endar heilt sikkert opp i Vågå, sa ordørar Rune Øygard, til den reisande journalisten. Øygard er ordførar i kommunen som får det til. ”Å få det til” i distrikts-Noreg handlar om positiv befolkningsutviklingd, det hadde Vågå i fyrste kvartal i år. Ordføraren trur alle kjem til å ende opp i Vågå, og leier kommunen som får innflyttarar og bedriftsetableringar.

Det er dette alle kommunar vil, men korleis får ein det til?

Identitet og kvalitet
– Eg trur noko av det viktigaste vi kan utvikle oss med, er eigen identitet og kulturarv, seier ordførar Rune Øygard. Vågå har ingen hus med valma tak, men har 156 freda hus, som er fleire enn Oslo.

LES OGSÅ: – Bygda er det nye Gründerløkka

– Dette må vi ta vare på, samstundes som vi må ta med oss nye impulsar, forklarar ordføraren.

– Ein kan altså ikkje bygge seg eit grønt. eller blått hus her.

Valet
– Det skal vera eit bevisst val å busette seg i Vågå, fortel ordføraren. Han ser på livskvalitet som beste form for næringsutvikling.

– Eg trur vi må vera flinke til å fokusere på det vi faktisk har, framfor det vi ikkje har, seier ordføraren.

– Når det er 15 mil til sjukehus, er det viktig å hugse på god tannlegedekning, eller fantastiske barnehagar for den del.

Kommunen trur på å vera ei ja-kommune, der det er enkelt å starte opp ting og enkelt å drive.

– Vi har trua på at bedriftene tek verdivalet Vågå fyrst, og så kjem lågare kostnadar og andre økonomiske verkemidla etter kvart, fortel Øygard.

Vagværane
Lik mange andre utkantkommunar, ynskjer Vågå å få heim dei utflytta ungdommane sine.

– Då er det mest like viktig å overbevise kjærastane, vagværene har funne seg, fortel ordføraren.

LES OGSÅ: Oppdrag: Demokratiagent

Han legg vekt på at kommunen lyt ta med utflytta vagværar på rådslagning, og skape gode relasjonar til dei.

Når 82 prosent av innbyggjarane i kommunen ynskja seg Øygarden som ordførar ved valet i 2007, er det kanskje ikkje så rart at han fått ei høg stjerne hjå statsministeren. Jens Stoltenberg har trekt fram Rune Øygard som eit av sine poltiske førebilete.